«Kunnskap for framtida»

Fjernstudentar

Alle studentar som er knytte til HVO gjennom fjernundervisning eller nettstudium, kan nytte seg av biblioteket sine tenester.

Fjernstudent

Låne bøker

Har du registrert deg som student og fått studentkort, evt berre studentnummer, er du også registrert i biblioteket sitt låneregister. Det er studentkortet som vert nytta som lånekort.

Studentar som er busette utanfor Volda-/Ørsta-området kan få bøker kostnadsfritt tilsendt i posten. Gi beskjed om at du er fjernstudent/nettstudent når du bestiller. Dersom det er snakk om mange bøker, er det greiast for oss å nytte den transportordninga vi har mellom biblioteka. Dette vil vi i så fall avtale med deg på førehand. Bøkene blir då sendt til ditt nærmaste bibliotek.

Du returnerer bøkene sjølv når lånetida er ute. Det enklaste er å levere bøkene på ditt nærmaste bibliotek, då slepp du å betale porto for returen. Hugs å gi beskjed om at du har lånt bøkene frå Høgskulen i Volda.

Søk, finn og bestill

Biblioteket sine samlingar er registrerte og søkbare i Oria, som du kan søke i direkte frå søkeboksen på heimesida vår. Du søker sjølv opp og bestiller bøkene. Før du bestiller, må du logge inn i Oria med det same brukarnamnet og passordet som du har i Fronter.

Når du er logga inn klikkar du på fanen "Finn og bestill", og deretter på "Bestill dokument". Dersom du manglar fanen "Bestill dokument" må du ta kontakt med biblioteket, slik at vi kan få lagt til denne funksjonen på brukarprofilen din. Ikkje bruk fanen "Kopibestilling" for å bestille lån, funksjonen skal berre brukast til å bestille kopi av trykte tidsskriftartiklar. Under "Hentestad" vel du "Levering til adresse - Adresse heime". Ikkje vel hentestad "HVO Volda – Biblioteket", då hamnar boka på hentehylla hos oss, i staden for å bli sendt til deg.

Dersom alle eksemplara av ei bok er utlånte, vert du sett opp på reservering/venteliste. Du får tilsendt boka så snart det er eit ledig eksemplar.

Om du søker i Oria via søkeboksen på heimesida vår, søker du automatisk i samlingane til biblioteket vårt. Dersom du i staden går direkte til Oria (www.oria.no), får du opp ei institusjonsliste og må velje Høgskulen i Volda.

 Oria finn du i tillegg til bøker ei rekkje elektroniske ressursar, til dømes tidsskriftartiklar i fulltekst. For å få tilgang til å lese desse, må du vere kopla opp til Høgskulen i Volda sitt datanettverk.  Når du ikkje er på campus, kan du kople deg opp via Fjerntilgang Logg på med det same brukarnamnet og passordet som du brukar i Fronter. Ta kontakt med biblioteket dersom du får problem eller treng meir informasjon om dette.

INNLÅN FRÅ Norske fagbibliotek

Dersom du ikkje finn det du treng i biblioteket vårt, kan du søke vidare i "Norske fagbibliotek" i Oria. Vi kan skaffe både bøker og tidsskriftartiklar frå andre bibliotek. Denne tenesta er gratis. Dokumenta får du tilsendt i posten om du bur utanfor Volda/Ørsta.

Lånetid

Vanleg lånetid for bøker er 14 dagar, med automatisk fornying for ein ny periode dersom ingen står på venteliste. Lånetid for dvd-ar er 1 veke. 

Full oversikt over kva du har lånt og bestilt, kan du få ved å logge deg på Oria og gå inn på "Min konto". Logg på med same brukarnamn og passord som du brukar i Fronter.

Pensum

Vi har minimum 2 eksemplar av kvar pensumbok. Det er ofte lang venteliste, så dersom du treng boka raskt kan det lønne seg å kjøpe ho sjølv.

Tilgang til databasar

Biblioteket abonnerer på ei rekkje databasar. Desse basane er tilgjengelege på campus via HVO sitt datanettverk. Dersom du ønskjer å søke i basane heimanfrå, må du først kople deg opp til HVO sitt nettverk. Det gjer du via Fjerntilgang.

HAR DU FLEIRE SPØRSMÅL?

Send gjerne ein e-post til skranke@hivolda.no. Du kan også ringe til skranken på tlf. 70 07 50 60.

 

Opningstider


Mån.-ons.: 08.30-20.00
Tors.: 10.00-20.00
Fre.: 08.30-17.00
Laurd.: 10.00-15.00

E-post: skranke@hivolda.no
Tlf.: 70 07 50 60