«Kompetanse for framtida»

Låne og bestille

Logg inn i Oria Bestille frå andre bibliotek
Pensumbøker Lånereglar
Finne bøker på hylla Lån ein bibliotekar
Reservere utlånte bøker

Student ved pc i biblioteket

Logg inn i Oria

I bibliotekbasen Oria kan du både søke etter litteratur og legge inn bestillingar på bøker som er utlånte. På "Min konto" får du oversikt over lån og bestillingar, og du får høve til å fornye lån. For å få tilgang til dei ulike tenestene må du logge deg inn. Det gjer du via innloggingsknappen øvst til høgre. Innlogginga skjer via Feide (pass på å velje Høgskulen i Volda). Brukarnam og passord er det same som på Fronter.

PENSUMBØKER

Pensumbøker har vi i minimum 2 eksemplar. Dersom alle eksemplara våre er lånte ut, kan du reservere.  Då får du boka så snart ho er ledig. Logg inn i Oria og bruk bestillingsfunksjonen. Det er ofte lang venteliste på pensumbøker, så det kan lønne seg å kjøpe bøkene sjølv.

FINNE BØKER PÅ HYLLA

Bøker som står på hylla må du hente sjølv. Det er ikkje høve til å bestille bøker som står på hylla. Dei må du søke opp i Oria og finne fram på eiga hand. 

Fjernstudentar og nettstudentar kan etter nærmare avtale bestille bøker og få dei tilsendt.

RESERVERE UTLÅNTE BØKER

Du kan reservere bøker som er utlånte. Logg inn i Oria og bruk bestillingsfunksjonen. Du får melding så snart eit eksemplar er ledig. Studentar får tekstmelding når boka kan hentast, tilsette får melding per e-post. Merk deg at hentefristen er 5 dagar

BESTILLE BØKER OG TIDSSKRIFTARTIKLAR FRÅ ANDRE BIBLIOTEK

Dersom  vi ikkje har ei bok sjølve og du er student eller tilsett ved høgskulen, kan vi låne inn boka til deg frå eit anna bibliotek. Vi kan også skaffe kopiar frå tidsskrift som vi ikkje abonnerer på sjølve.

Studentar kan ha maksimum 10 bøker i bestilling/lån frå andre bibliotek samtidig.
Vi bestiller ikkje inn lån frå utlandet til studentar.

For tilsette er det ingen avgrensingar.

Leveringstid: Leveringstida er avhengig av om dokumentet er utlånt, om vi må reservere, osv. Du må rekne med minimum 1 veke før du får dokumentet du har bestilt.

Lånetid: Det er eigarbiblioteket som fastset lånetid og andre reglar for bruk av innlånt materiale. I enkelte tilfelle er det ikkje tillate med heimlån.

SJEKKLISTE FØR DU BESTILLER:

  • Har vi boka eller tidsskriftet i biblioteket? Då må du gå på hylla sjølv, evt. lese den elektroniske utgåva på nettet.
  • Har vi bøker om det same emnet i våre eigne hyller? Leit alltid i "Oria - Mitt bibliotek" før du bestiller lån frå andre bibliotek.
  • Står det «ikkje fjernlån», «pensum», «dagslån», «arkiv» eller liknande? Då kan du ikkje låne boka.
  • Er det eit tidsskrift, ei årbok eller ei bok som har fleire bind? I så fall må du presisere kva du eigentleg treng (bind, år, osv.).
  • Er det ei e-bok? Då får vi ikkje låne ho.

HENTEMELDING

Studentar får tekstmelding når materialet kan hentast, tilsette får melding per e-post. Ver vennleg å hente bøkene så snart som råd, slik at du rekke å lese dei før dei må returnerast.

Fjernstudentar og nettstudentar kan etter nærmare avtale få bøker og artikkelkopiar tilsendt.

FORNYING AV LÅN

Det er ingen automatikk i at lån frå andre bibliotek kan fornyast. Nokre gongar tillet ikkje reglementet hos eigarbiblioteket det, andre gongar er det venteliste. Om du har fleire innlån, bør du nøye vurdere kva lån du verkeleg treng å fornye, og levere flest mogeleg av bøkene tilbake innan fristen. 

STUDENTAR VED ANDRE HØGSKULAR OG UNIVERSITET

Vi kan bestille lån av bøker frå andre norske bibliotek, men det er ein fordel for studenten å få bibliotektenester på studiestaden. For lån av materiale frå land utanfor Noreg og for kopibestillingar, må studenten alltid kontakte eigen institusjon.

EKSTERNE BRUKARAR

Eksterne brukarar må kontakte sitt nærmaste folkebibliotek for bestilling av lån og kopiar av dokument som høgskulebiblioteket ikkje har.

 

 

 

Opningstider


Mån.-ons.: 08.30-20.00
Tors.: 10.00-20.00
Fre.: 08.30-17.00
Laurd.: 10.00-15.00

E-post: skranke@hivolda.no
Tlf.: 70 07 50 60