«Kompetanse for framtida»

Fjerntilgang til bibliotekressursar

Rettleiingsside til fjerntilgang

Biblioteket betaler for tilgang til mange elektroniske tenester og ressursar. Som student ved HVO har du gratis tilgang til desse. Oversikt  finn du på nettsidene våre under Søk og finn litteratur.

Så lenge du er logga på nettverket til HVO (dvs. at du er pålogga med ei IP-adresse som tilhøyrer høgskulen), vil dette fungere automatisk. Du får då tilgang til alle ressursane våre utan problem.

Dersom du derimot sit utanfor nettverket, til dømes heime hos deg sjølv, må du først identifisere deg som student ved HVO før du får tilgang.

Det gjer du ved å kople deg til HVO sitt datanett via Rettleiingsside til fjerntilgang.

Dersom du får problem med tilkoplinga, kan du kontakte 5400@hivolda.no