«Kunnskap for framtida»

Forsking og utvikling

Høgskulen i Volda (HVO) har som mål å drive forsking og utviklingsarbeid med høg kvalitet, som skal gi utdanningstilboda eit solid grunnlag. HVO er delt inn i fire avdelingar og har rundt 200 fagtilsette.

Høgskulen i Volda byggjer FoU-aktiviteten på ei brei humanistisk og samfunnsfagleg felles plattform. Den regionale og nasjonale forskingsprofilen vert utvikla vidare på dette grunnlaget. Høgskulen er medeigar i Møreforsking AS, og har inngått ein eigen samarbeidsavtale om korleis operativt forskings- og prosjektsamarbeid skal gjennomførast.

Forskingsutvalet ved Høgskulen i Volda er ansvarleg for å utarbeide ein stategiplan for FoU-aktiviteten ved høgskulen. Dei strategiske forskingsområda er media og journalistikk, kulturmøte, profesjonsforsking, utdanningsforsking, velferdsforsking og praktisk kunstutøving.

Nyhende

Studiestart16_Foto_Tone_Solhaug_rgb__10.jpg620.jpg220.jpg

God auke i søkjarar til Volda

Høgskulen i Volda har ein god auke i talet på førsteprioritetssøkjarar i Samordna opptak samanlikna med fjoråret. Dette er klart etter at søknadsfristen gjekk ut 15. april.

J_Fet__220.jpg

Jostein Fet æresdoktor ved UiB

Jostein Fet (1924) er forskar, forfattar, kulturhistorikar, folkemusikar og tidlegare dosent og undervisningsleiar ved Høgskulen i Volda. Fet har levert ny innsikt i norsk kulturhistorie gjennom mange litteratursosiologiske forskingsarbeid. No er han utnemnd som æresdoktor ved Universitetet i Bergen.

Omslag_toleranse_220.jpg

Ny bok: Toleranse – religion – konflikt

Boka er ei samling artiklar omkring temaet toleranse og religion. Boka er også ei helsing til dosent Asbjørn Simonnes med takk hans innsats på Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda i meir enn 30 år.

sivsabjornsen__220.jpg

– Ein merkedag for høgskulen

Siv Elin Nord Sæbjørnsen vart den første kandidaten som disputerte for ph.d.-utdanninga «Helse- og sosialfag. Profesjonsutøving - vilkår og utvikling», som er ein fellesgrad mellom Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde.

Roppen_Dimmen_220.jpg

Nynorsksenteret vert overført til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda har vore vertsinstitusjon for Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret) heilt sidan etableringa i 2005. Frå 1. januar skal HVO overta også det faglege ansvaret, og både oppdrag og finansiering skal frå då av inkluderast i HVO sitt oppdragsbrev.