«Kunnskap for framtida»

Forsking og utvikling

Høgskulen i Volda (HVO) har som mål å drive forsking og utviklingsarbeid med høg kvalitet, som skal gi utdanningstilboda eit solid grunnlag. HVO er delt inn i fire avdelingar og har rundt 200 fagtilsette.

Høgskulen i Volda byggjer FoU-aktiviteten på ei brei humanistisk og samfunnsfagleg felles plattform. Den regionale og nasjonale forskingsprofilen vert utvikla vidare på dette grunnlaget. Høgskulen er medeigar i Møreforsking AS, og har inngått ein eigen samarbeidsavtale om korleis operativt forskings- og prosjektsamarbeid skal gjennomførast.

Forskingsutvalet ved Høgskulen i Volda er ansvarleg for å utarbeide ein stategiplan for FoU-aktiviteten ved høgskulen. Dei strategiske forskingsområda er media og journalistikk, kulturmøte, profesjonsforsking, utdanningsforsking, velferdsforsking og praktisk kunstutøving.

Nyhende

Roppen_Dimmen_220.jpg

Nynorsksenteret vert overført til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda har vore vertsinstitusjon for Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret) heilt sidan etableringa i 2005. Frå 1. januar skal HVO overta også det faglege ansvaret, og både oppdrag og finansiering skal frå då av inkluderast i HVO sitt oppdragsbrev.

lewe2_220.jpg

Med i internasjonalt samarbeid

– Vi ønsker å utfordre studenter til å finne formidlingsformer som er tilpasset dagens kommunikasjonsverden, og som kan bidra til at minnene om Holocaust ikke forsvinner, sa førsteamanuensis Thomas Lewe fra Avdeling for mediefag ved HVO da han nylig presenterte prosjektet «Rethinking Memory Culture».

skeide_folsvik.220.jpg

Nye styremedlemmer ved Høgskulen i Volda

Nils Peter Skeide og Oddbjørn Følsvik er nye styremedlemmer ved Høgskulen i Volda.

ganger_220.jpg

Skal forske på transportutfordringane i Geiranger

Høgskulen i Volda er med i eit forskingsprosjekt som skal finne løysingar for eit berekraftig transportsystem for å handtere turiststrøymen i Geiranger og verdsarvområdet.

J_O_Ulstein_220.jpg

Populær skriftserie

– Den mestpubliserende kanalen i Norge for teologi- og religionsfaglige publikasjoner er «Kyrkjefag profil» som drives av Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda, sier dosent Jan Ove Ulstein.