«Kunnskap for framtida»

      

  

Fra: 14. februar 2017 10:15

Til: 14. februar 2017 12:00

Stad: Strøm 243


Postdoktor i midtaustenstudiar Bård Kårtveit frå Universitetet i Oslo kjem til Volda for å forelese om kristne i Palestina.

Forlesinga finn stad i Strøm 243.

Bård Kårtveit har arbeidd ved Senter for Midtøsten og Islamske Studier ved Universitet i Bergen 2004-2006, og underviste samstundes på ulike Midtausten- og antropologi-kurs på universitetet.

Han sisputerte i august 2010 med avhandlinga: In fifteen years there'll be none of us left! Attachments, resilience and migration among Bethlehem Christians'

Hausten 2010 - 2011 og i 2013 underviste han i Midtausten-studier ved Institutt for Kulturstudier og Orientalske Språk, ved Universitetet i Oslo.  Kårtveit er tilknytta eit tverrfagleg forskingsnettverk som jobbar med kristne minoritetar i Midtausten. Dette har førebels resultert i utgivelse av boka Kristne i Midtøsten. Kampen for tilhørighet, utgitt på Cappelen Akademiske hausten 2015.