«Kunnskap for framtida»

               

Fra: 01. mars 2017 11:30

Til: 01. mars 2017 12:15

Stad: Aviskroken på biblioteket, Berte Kanutte.


Vi har glede av å invitere tilsette og studentar til lunsjforedrag i biblioteket.

Kari Aslaug Hasle underviser i historiedidaktikk i lærarutdanningane ved Høgskulen i Volda, og ho er oppteken av bygningar som kulturminne og kjelder til fortida.

Ta med kopp og matpakke – servering av kaffi og te.

Få auga opp for lokal byggeskikk
Ved første augekast skil kanskje ikkje bygningskulturen i Volda sentrum seg særleg frå andre tettstadar. Men har du først fått auga opp for dei mange uthusa i sentrum, vil du sjå at dei gir Volda eit særpreg. Løene, og dei små uthusa med fleire dører og vindauge, er vitne frå ei tid som var. Dei etablerer rom og tun mellom bygningar, og gir visuelle kvilepunkt. I dag er uthusa sjeldan i bruk, og må stadig vike for nye bustadar, vegar og parkeringsplassar. Dei forsvinn litt etter litt. Med dette misser vi ein viktig del av bygningshistoria vår. Mangfaldet i byggeskikken forsvinn. Bygningar kan fortelje om mentalitet, levekår, handverkstradisjonar og materialval, og dei er viktige for å forstå utviklinga av tettstadar. Uthusa i sentrum er viktige kjelder til å forstå næringsgrunnlaget og utviklinga av staden Volda, og dei bidreg til lokal identitet og tilhøyrsle.


 

 

  juni 2017  
MTOTFLS
   1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30