«Kunnskap for framtida»

               

Fra: 18. august 2017 11:30

Til: 18. august 2017 12:30

Stad: Kaarstad-huset, rom 306


Pernille Fiskerstrand held ei prøveforelesing ved Høgskulen i Volda 18. august før ho disputerer for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: ”Fagspråk og språkfag – om møtet mellom skrivekulturane i norsk og samfunnsfag for elevar på Vg2 yrkesfag” 25. august.

Utgangspunktet for studien er kva som skjer når lærarar frå ulike fag går saman og dannar eit tverrfagleg skriveprosjekt.  I denne granskinga er det lærarar frå norsk og samfunnsfag på Vg2 yrkesfag som har utført eit skriveprosjekt i saman. I læreplanen til desse to faga er der fleire overlappande punkt om skriving av samanhengande drøftande tekstar, og etter innføringa av skriving som ein av fem grunnleggjande ferdigheiter, ligg også der kimar til å samarbeide på tvers. Likevel veit vi at dette vert gjort i liten grad i vidaregåande skule.

Under prøveforelesinga vil du få innblikk i funna Fiskerstrand har gjort i sitt arbeide.

Fiskerstrand er busett i Ulsteinvik og underviser til dagleg i norsk ved Høgskulen i Volda. Ho har bakgrunn som allmennlærar med master i nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Agder. Avhandlinga er skriven med støtte frå Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa og med opptak ved Universitetet i Bergen.

Prøveforelesinga er open for alle.
Vel møtt!


 

 

  august 2017  
MTOTFLS
 1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31