«Kunnskap for framtida»

               

Fra: 07. desember 2016 11:30

Til: 07. desember 2016 12:15

Stad: Biblioteket


Boka Kristne migranter i Norden, der Anders Aschim, Lars Julius Halvorsen og Marte Fanneløb Giskeødegård har bidrege, vert presentert i samtale med Hildegunn Valen Kleive.

Kristne_migranter_620.jpg
Marte Fanneløb Giskeødegård (f.v.), Finn Ove Båtevik, Lars Julius Halvorsen og Anders Aschim har alle delteke i forskingsprosjektet Ora et labora. Katolske arbeidsinnvandrarar på Sunnmøre.

Ta med kopp og matpakke – servering av kaffi og te i biblioteket.

Når religion blir tema i den offentlege debatten om innvandring, handlar det nesten alltid om islam. Men visste du at fleirtalet av innvandrarbefolkninga kjem frå ein kristen kulturbakgrunn? I boka Kristne migranter i Norden set seksten forskarar frå Noreg, Sverige, Danmark og Finland eit underkommunisert tema på dagsorden. Ideen til boka blei lansert under eit nordisk forskarseminar ved Høgskulen i Volda våren 2015.

Kristne_migranter_150.jpg

To av artiklane presenterer resultat frå forskingsprosjektet Ora et labora. Katolske arbeidsinnvandrarar på Sunnmøre, eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda og Møreforsking. Møt dei tre artikkelforfattarane Marte Fanneløb Giskeødegård, Lars Julius Halvorsen og Anders Aschim i samtale med Hildegunn Valen Kleive.

Anders Aschim er også den eine av redaktørane, saman med Olav Hovdelien (Høgskolen i Oslo og Akershus) og Helje Kringlebotn Sødal (Universitetet i Agder). Boka er utgitt i serien Kyrkjefag Profil, ein skriftserie frå Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda.

Sjå meir om boka her: http://www.hivolda.no/hivolda/nyhende?displayitem=5761&module=news


 

 

  august 2017  
MTOTFLS
 1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31