«Kunnskap for framtida»

             

Fra: 01. februar 2017 11:00

Til: 01. februar 2017 14:00

Stad: Store BK


Seminar om styringsmodell for Høgskulen i Volda

Styret ønskjer å vurdere kva slags styringsmodell Høgskulen i Volda skal ha i framtida: Vald rektor som også er styreleiar (som i dag) eller tilsett rektor med ekstern styreleiar.

Program for møtet:

Kl. 11.00 – 11.15: Velkomen ved ordstyrar Audhild G. Rotevatn, dekan AMF.

Kl. 11.15.– 12.00: Tidlegare rektor ved Universitetet i Bergen og professor i offentleg rett Jan Fridthjof Bernt.

Bernt har vore med i lovutvalet til universitets- og høyskoleloven, og vil avklare roller og ansvar ved begge modellane med utgangspunkt i loven.

Kl. 12.00 – 12.30: Tidlegare vald rektor og professor emeritus ved Universitetet i Oslo Arild Underdal.

Underdal har vore leiar for ei utgreiing av dei to ulike modellane i samband med spørsmålet om styringsmodell ved Universitetet i Oslo.

Kl. 12.30 – 12.45 – kort pause

Kl. 13.00 – 13.30: Tidlegare tilsett rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane Rasmus Stokke. No viserektor ved Høgskulen på Vestlandet. Har mange års røynsle som leiar både med valt og tilsett rektor og vil fortelje korleis han opplevde dei to ulike styringsmodellane.

 Kl. 13.30 – 14.00: Spørsmål og diskusjon

For å sikre at alle får høve til å stille spørsmål kring vurdering av styringsmodell er det laga eit skjema som du kan nytte dersom du ikkje har høve til å møte, eller ikkje ønskjer å ta ordet på møtet: Klikk her.

Meir om innleiarane:

Professor Jan Fridtjof Bernt, UiB 
http://www.uib.no/personer/Jan.Fridthjof.Bernt 

Viserektor Rasmus Stokke, Høgskulen på Vestlandet
https://www.hisf.no/tilsett/rasmusstokke 

Professor emeritus Arild Underdal, Universitetet i Oslo
https://no.wikipedia.org/wiki/Arild_Underdal 


 

 

  mai 2017  
MTOTFLS
1 2 3 4 5 6 7
8 9 10 11 12 13 14
15 16 17 18 19 20 21
22 23 24 25 26 27 28
29 30 31