«Kunnskap for framtida»

               

Fra: 10. januar 2017 13:15

Til: 10. januar 2017 15:00

Stad: Berte Kanutte-huset, vesle auditorium (BK 159)


I år vert 500-års-jubiléet for reformasjonen feira på ulikt vis i store delar av Europa. For Martin Luther var spørsmålet om NÅDE heilt sentralt, men har det aktualitet i vår tid? Institutt for Religion, livssyn og kyrkjefag opnar vårsemesteret med ein presentasjon av nåde-aspekt i moderne populærkultur.

nade_620.jpg
Kjartan Leer-Salvesen (t.v.) og Ralph Meier.

Tysdag 10. januar held førsteamanuensane Ralph Meier og Kjartan Leer-Salvesen ei opa førelesing om «NÅDE – hos Martin Luther og i populærkulturen».

Anten me er merksame på det eller ei vert religiøse motiv svært mykje brukte i populærkultur som reklame, film og musikk. Opningsførelesinga handlar om desse spørsmåla: Korleis kan det teologiske omgrepet «nåde» forståast? Kva førestillingar om nåde finst i populærkulturen? Kva kan det innebere å finne nåde i moderne musikk og film?

Instituttleiar Bente Afset meiner temaet vil ha interesse for studentar og tilsette i fleire fagmiljø, og ho ynskjer alle velkomne.

Kjartan Leer-Salvesen og Ralph Meier er ansvarlege for emnet «Film, populærkultur og livstolking». Det er eit samlingsbasert studium som Høgskulen i Volda gjev i samarbeid med Universitetet i Oslo. Begge underviser også om tema knytte til film og religion på det ordinære HVO-emnet REL 116 «Populærkultur og livstolking i eit fleirkulturelt samfunn».

I samband med den nye NRK-serien «Presten» har Vårt Land intervjua Kjartan Leer-Salvesen om prestar på film: http://www.vl.no/kultur/savner-troverdige-prester-i-nordisk-film-1.908551


 

 

  august 2017  
MTOTFLS
 1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31