«Kunnskap for framtida»

Forkurs i matematikk

Høgskulen i Volda arrangerer forkurs i matematikk sommaren 2017.

Dette er eit tilbod til søkjarar på:

Om forkurset
Søkjarar som har eit karaktersnitt i fellesfaget matematikk (224 timar) mellom 3,0 og 3,99, og stettar dei andre delane av opptakskravet, får tilbod om forkurs. Dei som gjennomfører forkurset, får betinga opptak, dvs. at dei må stå på den nasjonale avsluttande prøva etter forkurset, for å kunne starte på utdanninga.

Innhaldet i kurset vil tilsvare fellesfaget i matematikk (1P og 2P) i vidaregåande skule. Kravet for bestått tilsvarar kravet for karakteren 4 på eksamen i 1P og 2P.

Kurset startar 3. juli og vert avslutta med ei nasjonal prøve 31. juli. Det er undervisning måndag–fredag kl 09:00-15:00. Undervisninga føregår i rom 243 i Hans Strøm-huset. Undervisninga vil bestå av både gjennomgang av fagstoff og hjelp med oppgåveløysing.
Hugs at det er eit stort arbeid å skulle arbeide seg gjennom heile 1P- og 2P-matematikken. For mange vil 4 veker vere for kort tid. Det er difor ein stor fordel å starte å arbeide med matematikken så snart som råd, før kurset startar i juli.

På desse sidene finn du både gjennomgang av fagstoff og oppgåver å arbeide med:

Praktisk informasjon

Kontaktperson: Øyvind Roger Halse