«Kompetanse for framtida»

Kurs og oppdrag

Kurs, etter- og vidareutdanningsaktiviteten ved Høgskulen i Volda vert gjennomført av avdelingane, med Kontor for samfunnskontakt i ei koordinerande rolle mellom fagmiljø og aktørar i privat eller offentleg arbeidsliv eller organisasjonar.

Kontakt

Høgskulen har tilsette og fagmiljø med brei og mangfaldig kompetanse og kan skreddarsy tilbod som er tilpassa oppdragsgivar sine behov.

Klikk på lenka til avdelingane og du får ei oversikt over fagtilsette ved Høgskulen i Volda

AVDELING

KONTAKTPERSON

Avdeling for mediefag   Lars Julius Halvorsen
Seniorrådgjevar
 
Avdeling for samfunnsfag og historie   Bjørn Gunnar Tafjord
Seniorrådgjevar for ekstern veksemd
 
Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning   Ole Frank Bakken
Rådgjevar
 
Avdeling for kulturfag   Synnøve Ekremsæter
Førstekonsulent
   

Kontor for samfunnskontakt
(Fellesadministrasjonen)

  Terese Balsnes
Førstekonsulent
folkh_220.jpg

Skal vere med å betre folkehelsa

I konkurranse med fleire andre institusjonar valde Helsedirektoratet Høgskulen i Volda sitt fagmiljø til å evaluere satsingsprosjektet «Nærmiljø og lokalsamfunn som fremmer folkehelse».

PR-sak_220.jpg

– Trefte nerven i problemet vårt

PR, kommunikasjon og media-studentar gjorde eit så godt inntrykk på Avfallsforum Møre og Romsdal i eit prosjektarbeid at dei vil halde fram med samarbeidet. Det føyer seg inn i rekka av samarbeidspartnarar utdanninga tek på seg oppdrag for.

Oddrun_Braten_220.jpg

Religionspedagogisk forskarforum i Volda

Høgskulen i Volda (HVO) ved Institutt for religion, livssyn og etikk er torsdag og fredag vertskap for NoReFo (Norsk Religionspedagogisk Forskerforum). – Vi ønskjer å få belyst forskinga som føregår i UH-sektoren innanfor religionsdidaktikk og vi ser også fram til å høyre om forskingsprosjekt her ved HVO, seier NoReFo-leiar Oddrun Bråten.