«Kunnskap for framtida»

Om Høgskulen i Volda

Høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar. Studiebygda Volda er kjend for sitt gode studentmiljø.

Høgskulen i Volda er høgskulen for human- og samfunnsvitskapane i Møre og Romsdal. Høgskulen har røter heilt attende til 1861, og har eit breitt utval av studietilbod. Aktiviteten hos oss kan oppsummerast slik:

  • Lærarutdanningar og skulefag (ca 2/3)
  • Sosialfag og administrasjonsfag (ca 1/4)
  • Medie- og kulturfag (ca 10-15 %)

Vi er den største høgskulen i fylket målt etter tal studentar. Høgskulen har dei siste åra hatt ca 350 tilsette og om lag 4.000 studentar, noko som er om lag 1000 fleire studentar enn for ti år sidan.

kUNNSKAP for framtida

HVO har følgjande satsingsområde i strategiplan for HVO 2017-2020:

  • tilby solide masterutdanningar for grunnskulelærarar og vere hovudleverandør av lærarar til regionen
  • vere den leiande yrkesretta medieutdanninga i Norge
  • i samarbeid med mellom andre Universitetet i Bergen, Nynorsk kultursentrum og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa  - ta eit særleg ansvar for forsking på nynorsk språk og litteratur og sikre nynorsk som fagspråk.
  • vere i front når det gjeld å utvikle fleksible utdanningstilbod av høg kvalitet
  • vidareutvikle studietilbodet på PhD-nivå i sosialfag saman med Høgskolen i Molde og satse på tverrfagleg helsefremjande kompetanse

Forsking og utviklingsarbeid

Høgskulen i Volda har som mål å drive forsking og utviklingsarbeid med høg kvalitet på ein slik måte at det gir utdanningstilboda eit solid fagleg grunnlag. Høgskulen har 220 fagtilsette. Over 50 prosent har doktorgrad eller førstekompetanse, og strategiplanen har som mål at dette skal aukast til 60 prosent. Dei strategiske delmåla for FoU er å:

  • prioritere FoU-ressursar til tre strategisk viktige område: dei nye grunnskulelærarutdanningane (master), den nye masterutdanninga i medie- og kommunikasjonsfag og PhD-utdanninga
  • stimulere til nasjonalt og internasjonalt tverrfagleg forskings- og utviklingsarbeid
  • gje studentar ved HVO innsikt i og erfaring med FoU-arbeid ved å involvere dei i aktuelle prosjekt
  • auke bidrags- og oppdragsinntektene
  • ha minst to forskingsprosjekt i samarbeid med UiB

UTDANNINGSOMRÅDE

  • Administrasjon, planlegging og leiing
  • Estetiske fag, kunst- og musikkfag
  • Helse- og sosialfag
  • Historie og religion
  • Idrett- og friluftsliv
  • Lærarutdanning
  • Medie, kommunikasjons- og journalistfag
  • Språk og litteratur

Studietilboda

Høgskulen i Volda tilbyr 18 bachelorprogram, fleire lærarutdanningsprogram, ei rekkje årstudium og vidareutdanningar på heiltid, deltid og via nett. Høgskulen er mellom dei beste i landet på gjennomstrøyming i ba- gradene sine, dvs. at studentane gjennomfører studia på normert tid.

I tillegg har høgskulen fleire mastergrader: Kulturmøte, Sosial- og helsefag; Meistring og myndiggjering, Nynorsk skriftkultur, Samfunnsplanlegging og leiing, Dokumentar og Journalistikk og Undervisning og læring. Hausten 2017 startar fleire nye mastergrader innan lærarutdanning og ein ny master i medie- og kommunikasjonsfag.

Høgskulen i Volda tilbyr Ph.d innanfor helse og sosialfag i samarbeid med Høgskolen i Molde.

Fleksible studieformer

Med om lag 1000 nettstudentar er Høgskulen i Volda blant landets største tilbydarar av nettstudium.

Høgskulen arbeider kontinuerleg med å legge til rette for livslang læring med høg fagleg kvalitet og stor fleksibilitet i organisering og gjennomføring. Fleksible studieformer gjer det mogleg å kombinere studium og arbeid eller studium og andre aktivitetar.

Internasjonalisering

Høgskulen i Volda har eit aktivt og internasjonalt engasjement, og er ein av dei beste i Noreg på utveksling knytt til studium og undervisning. Høgskulen har avtalar med utdanningsinstitusjonar i over 40 land. Studentar ved bachelor­ og masterstudia har høve til å ta eit semester i utlandet. Ved mange av studia er det også mogeleg å gjennomføre praksis utanfor Noreg. Høgskulen i Volda tek kvart år i mot om lag 200 studentar frå heile verda.

Studiebygda Volda

Volda er kjend for kreative og aktive studentar og eit stort mangfald av lag og organisasjonar.

Studenthuset Rokken arrangerer mellom anna quiz, Open­Mic, disko og konsertar med dei beste artistane i landet.

Kulturelle høgdepunkt er Fadderveka, VEKA, Ekstremsportfestivalen x2, Animation Volda, Sunnmøre kammermusikkfestival, Kaarstadfestivalen og Den Norske Dokumentarflmfestivalen. Studentsamskipnaden i Volda syter for gode studentbustader, bokhandel, kantine, barnehage og helsetenester.

Volda ligg tett opp mot dei verdskjende Sunnmørsalpane, som byr på fantastiske naturopplevingar heile året. Lengtar du mot havet, kan du ta vegen til surfestrendene på Stad og Flø.

Dei aller fleste studentlag og organisasjonar i Volda byggjer på frivillig arbeid, og tilbodet spenner frå studentorganisert idrett til naturopplevingar, konsertar, kaféliv og festivalar, samt eit variert tilbod innan studentmedia der studentane kan få prøve seg som journalist og fotograf.

I Volda har studentane råd til å vere heiltidstudentar. Nasjonale undersøkingar, som vert gjennomført kvart år, viser at studentane i Volda har blant dei lågaste bustadsutgiftene i landet. Alle studentbustadane ligg nær høgskulen, så du kan gå eller sykle til høgskulen.

PowerPoint om HVO (pdf)