«Kunnskap for framtida»

Lunsjforedrag: Rolla som gjest i ulike kulturar - dei uskrivne lovene

Fra: 23. mars 2017 11:30

Til: 23. mars 2017 12:15

Stad: Biblioteket


Reidun Aambø er førstelektor i norsk som andrespråk og har undervist på studiet «Norsk språk og samfunnskunnskap for internasjonale studentar» (NIS) i 25 år. Foredraget er basert på opplysningar frå studentane og på sjølvopplevde erfaringar.

sudan_620.jpg
Gjest i Sudan

Nokre av spørsmåla i foredraget:

Er det alltid høfleg å takke ja til ein invitasjon, og kan det vere uhøfleg å kome presis? Korleis skal vi helse og takke? Kva er passande gåver å ta med, og når skal gåva pakkast opp? Bør vi seie noko fint om husværet og inventaret?

Skal vi takke ja til mat og drikke? Korleis skal vi forsyne oss? Skal vi ta litt mat kvar gong fatet går rundt, og skal vi ete alt på tallerkenen? Korleis kommunisere med spisepinnar? Skal vi takke for maten? Kva kan vi samtale om, og kor lenge skal vi vere? (Toalettbesøk kan vere ei oppleving i seg sjølv.)

japan_620.jpg
Gjest i Japan

Besøkande i ein framand kultur kan sjeldan lese seg til dei uskrivne sosiale reglane som innbyggarane praktiserer. I god tru kan vår veremåte som gjest bli oppfatta annleis enn vi har til hensikt. Dette handlar ikkje om rett eller gale, men om ulike tradisjonar.

Ta med kopp og matpakke – servering av kaffi og te.

 

  mai 2017  
MTOTFLS
1 2 3 4 5 6 7
8 9 10 11 12 13 14
15 16 17 18 19 20 21
22 23 24 25 26 27 28
29 30 31