«Kunnskap for framtida»

Skrivekveld for studentar i biblioteket

Fra: 25. april 2017 15:00

Til: 25. april 2017 21:00

Stad: Biblioteket


SKRIV DU STUDENTOPPGÅVE? FÅ HJELP PÅ BIBLIOTEKET! Skrivekvelden er open for alle studentar, og det vert gratis kaffi/te og twist heile kvelden. Følg forelesinga om korleis ein kan skrive akademisk, avtal individuell rettleiing, eller berre kom for å jobbe med oppgåva di.

Skrivekveld_620.jpg

PROGRAM

Kl. 15.30–16.00: «Korleis skriv vi akademisk?» ved Kristin Kibsgaard Sjøhelle 
Kl. 15.00–18.00: Avtal individuell rettleiing med bibliotektilsette eller få hjelp til skriving i Word av representant frå IT-kontoret

Få hjelp til litteratursøk, oppgåveskriving og referansehandtering. 

Tema for skriverettleiinga kan vere problemformulering, struktur, argumentasjon, drøfting/diskusjon, akademisk språk eller andre spørsmål. Ta gjerne med eit utkast av oppgåva som du jobbar med. Gjennom dialog ser vi på kva grep du kan gjere for å komme vidare med skrivinga.

Har du spørsmål om Word, kan Niklas frå IT-kontoret hjelpe deg med dette.

Råd som går på fagleg innhald får du hos rettleiar på faget.

For individuell rettleiing, meld deg på i skranken i biblioteket eller på epost til skranke@hivolda.no

Ta med:
• Oppgåva
• PC/Mac og skrivesaker
• Matpakke og drikke

VELKOMMEN!

 

  mai 2017  
MTOTFLS
1 2 3 4 5 6 7
8 9 10 11 12 13 14
15 16 17 18 19 20 21
22 23 24 25 26 27 28
29 30 31