Norsk medieforsker-konferanse 2024 - Ålesund 20. oktober

Velkommen til norsk medieforskarkonferanse 2024 - Ålesund 17.-18. oktober

Årets norske medieforskarkonferanse handlar om medieforskarrolla i ei digital tid. Blir medieforskarrolla endra når digitale medium og nye teknologiar er gjenstand for forsking?  Kva rolle spelar digitaliseringsaspektet for praksisar, publikum, samfunn og demokrati?

Fakta om konferansen

Volda
Konferansen arrangeres av Avdeling for mediefag, Høgskulen i Volda. Foto:Tone Solhaug

Når

17.-18. oktober 2024

Stad

Scandic Parken, Ålesund
Bookingkode: BHOE161024 koden varer til 26. august
Ved å nytte koda blir pris for rom inkl. frokost NOK 1395,00 

Har du spørsmål

Send epost

Om konferansen

Konferansetema: Medieforskarrolla i ei digital tid

Tema for norsk medieforskarkonferanse 2024 er rolla som medieforskar i vår digitale tid. Spørsmålet er om nye digitale medium og den nye medieteknologien også er i ferd med endre sjølve rolla som medieforskar? Dette spørsmålet gjeld på tvers av alle fagfelta som medieforskinga omfattar i dag, men som kanskje ikkje blir diskuterte eksplisitt eller reflektert over.

Medieforskinga har tidlegare diskutert kva rolle digitaliseringsaspektet har for praksisar, publikum, samfunnet og demokratiet. Men kva for rolle eller ansvar har medieforskaren i dette landskapet? Svaret er sjølvsagt samansett. Sentrale spørsmål kan vere om det er ei rolle i endring, om rolla har blitt meir fragmentert, meir eller mindre kritisk, og korleis vi medieforskarar blir oppfatta av borgarane? Korleis bør vi kommunisere innsikta frå fagfeltet vårt, og på kva arenaer bør vi vere synlege? Kva for samfunnsoppdrag har medieforskarane, og korleis bør ein leggje til rette for og lære opp yngre forskarar i dette oppdraget?

Medieforskarlaget inviterer difor til innspel, refleksjon og debatt om dette temaet – slik at vi kan setje kvarandre i stand til å møte den teknologiske utviklinga i faget vårt på ein gjennomtenkt og reflektert måte.

Vi inviterer alle interesserte til å sende inn samandrag/abstract. Send samandraget til leiaren for den arbeidsgruppa du er interessert i å ta del i.

Liste over arbeidsgrupper med namn og e-post til gruppeleiarar finn du under fana «Abstracts og papers» under her: 

Konferansen arrangeres på oppdrag fra Norsk medieforskerlag.

Norsk Medieforskerlag

 

Viktige datoar:

13. mai  --> Frist for innsending av abstracts 

7. juni --> Frist tilbakemelding på abstract

23. sept. --> Frist for innsending av (fullt) paper

Påmeldingsfristar:

1. juli --> Frist for early-bird registrering

8. oktober --> Frist for påmelding til konferansen.

17-18. okt. --> Konferansen arrangerast på Scandic Parken