Digitale kontrakter for timelønn og oppdrag

Ved Høgskulen i Volda bruker vi Direktoratet for økonomistyring (DFØ) si digitale løysing for tilsetjing og arbeidskontrakt når vi inngår kontrakt og utbetaler løn.

Epost med tilbod om kontrakt vert sendt ut av no-reply@dfo.no. Sjekk søppelpost om du ikkje har motteke epost.

Har du avtale om timekontrakt sender du timelister og får månadleg utbetaling.

Har du avtale om oppdrag kjem utbetalinga ca 14 dagar etter sluttdatoen for oppdraget.

Opne punkta nedanfor for meir informasjon.

Signering av kontrakt

Har du fått ei oppdragsavtale eller timelønskontrakt til signering? 
Dersom du får tilbod om timekontrakt eller oppdragskontrakt vil e-posten bli sendt ut av no-reply@dfo.no. I e-posten er det ei lenke du må opne. Du kjem til ei innlogginsside når du opner lenka i e-posten. For å logge inn må du bestille ei kode på SMS ved å trykke på knappen «hent passord». 

Dersom du ikkje har MinID og norsk fødselsnummer eller D-nummer må du svare «Nei» på spørsmålet «Har du Bank ID?». Følg deretter stega for «Signering uten norsk personnummer eller D-nummer». 

Du blir deretter rettleia vidare og du registrerer og kontrollerer opplysningane dine, og godkjenner eller avvise kontraktsforslaget. 


NB: Dersom du allereie har ei oppdragsavtale eller timelønskontrakt er du registrert i lønssystemet allereie. Då vil bankkontonummer og adresse vere ferdigutfylt. Dersom opplysningane dine er feil så signerer du avtalen, og endrer deretter opplysningane dine i DFØ-app. 

Innsending av timeliste (kun timeløn)

Etter at du har signert kontrakt om timeløn må du sende inn digitale timelister – ei kvar månad. Timelistene sender du inn med DFØ-app. DFØ-app finn du på dfo.no. 

Utbetaling av timekontrakt for deg som er timelønt (DFØ)

Timelønt – registrere timer (video)

Timelønt – timeliste i retur (video)

Du kan også levere timeliste via DFØ sjølvbetjening på PC, men vi anbefaler å bruke DFØ-app på mobil.

NB: Du kan berre sende ei timeliste kvar månad, du må derfor registrere alle timar den aktuelle månaden før du sender inn timelista. 

For å sikre utbetaling til 12. i påfølgjande månad må timelistene sendast inn siste virkedag i månaden. 

Timelister må sendast inn før siste arbeidsdag i kontrakta. Når du passerer siste dag i arbeidsavtalen, og du ikkje har noko ny tilsetjing mister du tilgang til DFØ-app og får ikkje lenger registrere timeliste. 

Innsending av reiseregning (kun timeløn)

Dersom du har avtalt at du skal ha refundert reiseutgifter sender du inn reiseregning gjennom DFØ-app. 

DFØ-app laster du ned til mobiltelefon eller nettbrett, søk etter DFØ selvbetjening.

Lever reiseregning i DFØ app

Innsending av reiseregning (oppdragsavtale)

Dersom du har avtalt at du skal ha refundert reiseutgifter sender du inn reiseregning gjennom Betalmeg. 
Vi anbefaler at du bruker DFØ app på mobil eller nettbrett (DFØ selvbetjening)

  • Bruker du Betalmeg løysing på pc råder vi deg til å opne eit inkognito/in private-vindauge og logge inn på nytt. Dette for å forhindre at ein tek med seg tidligare nedlasta informasjon som lenker deg tilbake til din hovudarbeidsgiver om du nyttar SAP der.
  • Bruker du DFØ app allereie hos anna verksemd anbefaler vi å slette DFØ-app og laste inn på nytt. 
  • Lenke til Betalmeg.
Innsending av reiserekning, utenlandske

D-nummer: Dersom du har avtalt at du skal ha refundert reiseutgifter og du har norsk fødselsnummer eller D-nummer, sender du inn reiserekninga via Betalmeg. Hugs å laste opp alle nødvending dokumentasjon for utgifter og legg ved reiserekninga.

Lenke til Betalmeg: Travel expense claim, expense reimbursement and remuneration for recipients of fees | DFØ (dfo.no)

Ikkje d-nummer: dersom du har avtalt at du skal ha refundert reiseutgifter fyller du ut skjema som du får hos din kontaktperson på avdelinga du har utført oppdrag for. Returner utfylt krav med vedlegg for utgifter, til same kontaktperson.