Semestre

IDK152N Innføring i tekstprogrammering

Emnekode: 
IDK152N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet Innføring i programmering gir ei innføring i grunnleggjande prinsipp og teknikkar for programmering ved bruk av tekstbasert programmeringsspråk, spesielt tilpassa undervisning i skulen. Emnet tek sikte på å gi lærarar og pedagogar ei god forståing for ulike aspekt knytte til tekstbasert programmering, slik at dei kan introdusera og rettleia elevar i grunnleggjande programmering.

Sentrale tema i emnet er algoritmisk tenking, tekstbasert programmering og didaktiske metodar for å undervise i programmering. I det praktiske arbeidet blir det gitt høve til å fokusere på ønska trinn og fag.

Målgruppa for emnet er lærarar i grunnskulen og andre som ønsker å bruke tekstbasert programmering i undervisninga si. Studiet har tett fagleg oppfølging, tilbakemeldingar og diskusjonar, og gir høve til samarbeid eller individuelt læringsarbeid etter eige ønske. Til eksamen leverer kvar student ei eksamensmappe, basert på arbeidskrava i emnet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten skal:

  • vise grunnleggjande forståing for algoritmar og algoritmisk tenkning
  • gjere greie for grunnleggjande element i eit tekstbasert programmeringsspråk
  • kjenne til hovedtrekk ved programmeringa si historie og sin plass i skole og samfunn
  • kjenne til noen fordelar og ulemper ved ulike tilnærminger til programmering
  • kunne forklare forskjellige didaktiske metodar og tilnærmingar til å undervise i programmering
Ferdigheiter

Kandidaten skal kunne

  • designe og utvikle egne program i et tekstbasert programmeringsspråk
  • planlegge og gjennomføre undervisning som inkluderer tekstbasert programmering.
Generell kompetanse

Kandidaten skal kunne

  • ha kunnskap om og kunne bruke tekstbasert programmering i sin undervisning
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper.

Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og knytt til læring og undervisning. Emnet er organisert i nettleksjonar, øvingar og mappeoppgåver. Øvingar og mappeoppgåver vil dekkje både praktisk programmering, didaktisk refleksjon og tekstbasert programmering sin plass i skulen.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Ingen. 

 

Arbeidskrav:

I dette emnet jobbar vi prosessorientert, med obligatoriske arbeidskrav. Omfanget på oppgåvene vil samla vere på 1500 ord (+/- 10%), eller 7 min (+/-10%) som film/samansett tekst. Desse oppgåvene utgjer grunnlaget for eksamensmappa som leverast og vurderast ved semesterslutt.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Torbjørn Frantsen
Studieavgift

Kr. 2.000,-. 

Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
Stått eller ikkje stått
100 %
Studenten skal levere ei digital vurderingsmappe som inneheld arbeidskrav og eit kort refleksjonsnotat.