Semestre

MNT202 Mentorutdanning 2

Emnekode: 
MNT202
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Haust
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MNT201 Rettleiing- og mentorutdanning 1
Krav til forkunnskapar

Gjennomført MNT201 Mentorutdanning 1. 

Om emnet

Innhaldet i emne MNT 202 omhandlar ulike strategiar, teoriar og metodar for rettleiing som utgangspunkt for kompetanseutvikling. Tema kommunikasjon, samspel og dilemma knytt til etikk, autoritet og makt i rettleiing vert vidareført frå MNT 201. Studiet har eit særleg fokus på  yrkesrolla i barnehage og skule i lys av endringar i organisasjon og samfunn. Utvikling av profesjonsidentitet, profesjonell identitet og deltaking i profesjonelle læringsfellesskap er også sentralt. Studiet rettar seg inn mot kollektive læringsprosessar og nyttar nasjonal og internasjonal forsking knytt til rettleiing som grunnlag for kompetanseutvikling.

 Emne MNT 202 (15 studiepoeng)  bygger på emne MNT 201 Mentorutdanning 1 (15 studiepoeng).

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha inngåande kunnskap om:

• studentar, nyutdanna og  nytilsette sine særlege vilkår og utfordringar i barnehage og skule
• nasjonal og internasjonal forsking om rettleiing i barnehage og skule
• etiske utfordringar og maktforhold i rettleiing og i læraryrket
• rettleiing som grunnlag for læring og kompetanseutvikling i barnehage og skule

Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • nytte forskingsbasert kunnskap om barnehage og skule i rettleiingssamanheng
  • planlegge, gjennomføre og analysere rettleiing ut frå relevante faglege og teoretiske perspektiv
  • støtte og utfordre både studentar, nyutdanna og kollegaer gjennom rettleiing 
  • kritisk vurdere eigen praksis i eit lærings- og danningsperspektiv
  • utøve etiske vurderingar i samband med rettleiingsarbeidet
  • nytte rettleiing som reiskap for kvalitetsutvikling i organisasjonar
Generell kompetanse

Generelt skal studenten:

  • kunne kritisk vurdere ulike rettleiingsteoretiske tilnærmingar i barnehage og skule
  • ha innsikt i relevante etiske problemstillingar knytte til rettleiingsfeltet
  • kunne støtte og utfordre både studentar, nyutdanna og kollegaer i deira læring og deltaking i kollektive læringsprosessar
  • kunne analysere og drøfte synspunkt og erfaringar med andre fagpersonar, og gjennom dette medverke til utvikling av god praksis
  • ha grunnleggande forståing for korleis rettleiing kan bidra til utvikling av eigen og organisasjonen sin kompetanse 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

I emnet vert det lagt vekt på studentaktive læringsformer og studentane må rekne med høg deltakaraktivitet. Studiet gjer nytte av dei ressursane som ligg i studentane si yrkeserfaring og som er viktig for å skape eit godt læringsmiljø. Studentane vert organiserte i lokale nettverksgrupper som rettleier kvarandre og drøftar faglege tema. Her inngår skriftlege rapporteringar frå arbeidet som ein viktig læringsstrategi. Emnet rettar seg mot rettleiing på individ- og gruppenivå i skule og barnehage. Det er til saman fire obligatoriske todagarssamlingar på Høgskulen. Desse inneheld varierte arbeidsformer, som førelesning, rettleiingsøvingar, obligatorisk studentframlegg og plenumsdiskusjonar. I tillegg kan Adobe Connect eller liknande digitale verkty bli nytta til rettleiing frå faglærar og mellom studentar. Dette føreset at studentane har tilgang til nødvendig datautstyr og internett. Mellom samlingane vil det vere rettleiingsarbeid på arbeidsplassen og i lokale nettverksgrupper.

Undervegsvurdering:

Vurdering er ein sentral del av studieprosessen. Undervegs i studiet vil studentane få tilbakemeldingar på eigen rettleiingspraksis frå lærarane på studiet og medstudentar. Det vert lagt opp til eigenvurdering blant anna gjennom skriving av fagtekstar og gjennom erfaringsdrøftingar i nettverksgruppene.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • deltaking på fire todagarssamlingar
  • deltaking på rettleiing i Adobe Connect
  • deltaking på fire samlingar i nettverksgrupper der studentane rettleier kvarandre.
  • logg frå samlingane i nettverksgruppene
  • individuell munnleg presentasjon av plan for rettleiing av studentar eller tilsette i eit pedagogisk utviklingsarbeid i barnehage eller skule.
  • individuell skriftleg fagleg innlegg med utgangspunkt i eit av læringsutbyttebeskrivingane i emneplanen. (1200 ord)
  • ein individuell skriftleg respons om det faglege innlegget til ein annan student (400 ord)
Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. 

Evaluering og kvalitetssikring

På samlingane skjer det ei kontinuerleg evaluering av studiet knytt til mål og innhald. Det blir gjennomført munnleg evaluering etter kvar samling og skriftleg evaluering ved slutten av studiet. Det skal vere ekstern sensur av eksamen. Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Kari Pauline Longva
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Rettleiings- og mentorutdanning 2 - vidareutdanning
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell eller gruppe (etter avtale)
7 dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Oppgåva skal handle om rettleiing av studentar eller tilsette i pedagogisk utviklingsarbeid i barnehage eller skule.
Individuell oppgåve på 3000 ord +/- 10%. Ved gruppeinnlevering 5000 ord +/- 10%.
Godkjent av: 
Arne Myklebust