Semestre

SRS103N Demokrati og samfunnsfag i skulen

Emnekode: 
SRS103N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Om emnet

Dette emnet tilbyr ei fordjuping i samfunnsfagleg teori og metode, fagdidaktisk teori og forsking, og sentrale problemstillingar som gjeld skulen si rolle i samfunnet, statsdanning, menneskerettar, medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar. Djupnelæring er sentralt i emnet og det blir lagt særleg vekt på at studentane skal vidareutvikle si forståing av korleis teoretisk kunnskap kan brukast i praktiske undervisningssituasjonar. Emnet vil og bidra til å øve opp studentane si evne til å sjå samanhengar mellom forskjellige tematikkar og problemstillingar. Emnet stimulerer også til å utvikle studentane sin didaktiske kreativitet og kritiske kompetanse gjennom arbeid med ulike kjelder, både digitale og fysiske.   

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten har djupnekunnskap om 

·       Utvalde teoriar og metodar i geografi, historie og samfunnskunnskap 

·       Utvalde tema i fagdidaktisk teori og forsking om samfunnsfag i skulen 

·       Verdigrunnlaget og mandatet for skulen og skulen sin plass i samfunnet 

·       Sentrale føresetnader og problemstillingar som gjeld statsdanning, menneskerettar, medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar 

Ferdigheiter

Kandidaten kan 

·       Bruke teoretisk kunnskap aktivt i eigen undervisningspraksis 

·       Finne, vurdere og tolke ulike typar kjelder og bruke dette i arbeidet med å utvikle elevane sin kritiske kompetanse og kreativitet 

·       Arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag for å fremme kritisk refleksjon og handlingskompetanse hos elevane 

·       Legge til rette for demokratisk praksis, utvikling av medborgarskap, samarbeid og konfliktløysing i skulen 

·       Reflektere over samanhengar mellom dei forskjellige tematikkane i emnet  

Generell kompetanse

Kandidaten kan 

·       Legge til rette for at elevane kan reflektere over samfunnsfaglege spørsmål 

·       Stimulere til kritisk tenking og kreativitet hos elevane 

·       Bidra til endringsprosessar og samfunnsfagleg nytenking i skulen 

 

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiet er eit nettstudium. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid og rettleiing. Alle leksjonar, diskusjonar, rettleiingar og innleveringar vert gjennomført i e-læringsplattforma Canvas. Eksamen vert levert digitalt i Inspera. Det er ein føresetnad at studentane nyttar Canvas kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til i plattforma.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å framstille seg til eksamen må kandidaten bestå eit arbeidskrav, som vil bli nærare definert ved semesterstart. Arbeidskravet vil fremme ferdigheiter i akademisk skriving og forståing av samanhengar mellom teori og praksis i læraryrket. 

 

Sensorordning
Minimumstal: 
20
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Eirik Hammersvik
Studieavgift

Kr 4.000,-

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Skuleretta samfunnsfag 2 - nettstudium m/avgift
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Alle
Godkjent av: 
Randi Bergem 20.02.2020