Semesters
BLUMG302 The kindergarten as a learning organisation
Emnet gir studenten teoretisk og empirisk grunnlag for å meistre utfordringar og moglegheiter i barnehagen. Det faglege innhaldet er konsentrert om teoretisk og forskingsbasert kunnskap om samskapt læring i personalgrupper. Emnet legg vekt på kritisk analyse og diskusjon av vurdering, dokumentasjon og implementering for å utvikle kvalitet i barnehagen. I emnet studerer studenten kva som kjenneteiknar ein lærande organisasjon og korleis den kan utviklast. Målsetjinga er å utvikle kompetanse og fagleg skjønn for å leie arbeidet med vurdering og dokumentasjon knytt til implementering av nye strategiar, program eller tiltak i barnehagen.
Det empiriske materialet frå eit feltarbeid vert brukt som grunnlag for å diskutere praksisutfordringar i lys av styringsdokument og kunnskapsgrunnlaget til barnehagen som ein lærande organisasjon.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har avansert profesjonsretta kunnskap om korleis barnehagelæraren kan leie arbeidet med kvalitet- og endringsarbeid i ulike barnehageorganisasjonar
- har inngåande kunnskap om dokumentasjon som grunnlag for vurdering
- har forskingsbasert kunnskap om kvalitetsarbeid i ein lærande barnehage
- kan anvende kunnskap om rettleiing av personalgrupper, foreldregrupper og andre sentrale aktørar for endring og utviklingsarbeid
- kan analysere faglege problemstillingar med utgangspunkt i bygging og styrking av kvalitet i barnehagepraksisar
Studenten
- kan kritisk analysere og drøfte pedagogisk praksis i lys av kvalitets- og endringsomgrepa i sentrale styringsdokument og formidle dette skriftleg, munnleg og multimodalt
- kan nytte forskingsbasert kunnskap i arbeidet med innhald, arbeidsmåtar og organisering for å fremje barnehagen som lærande organisasjon
- kan ta i bruk ulike leiingsverktøy for å motivere, planlegge, vurdere og implementere strategiar, program og utviklingsarbeid
- meistrar å sikre prinsippet progresjon i planarbeid og i ulike didaktiske praksisar
- kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa feltarbeid og leie utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
Studenten
- kan analysere og vere kritisk reflekterande, både munnleg, skriftleg og multimodalt, om kvalitetsvurdering og endringsstrategiar
- kan rettleie og leie endringsarbeid for vidareutvikling av kvalitet i barnehagar
- kan saman med personalgrupper arbeide med ståstadsanalysar og planar for implementering av endringstiltak i ulike endringskulturar
- kan som leiar på ulike nivå i barnehagen arbeide strukturert og motiverande med dokumentasjon som grunnlag for vurdering
Arbeidsformene vil variere mellom førelesing, eige arbeid med faglitteratur, feltarbeid, studentseminar, arbeid i smågrupper, munnlege presentasjonar, posterproduksjon, world cafe, oppgåveskriving og rettleiing. Emnet vil gi studenten trening i å presentere fagstoff munnleg, skriftleg og multimodalt for læring gjennom refleksjon og klassediskusjonar. Under eit to-dagars feltarbeid gjennomfører studenten datainnsamling, analyse og drøftar vidare problemstillingar som er viktige for å realisere vurdering i ein barnehagekontekst. Arbeidskrava skal støtte studenten i arbeidet med fagtekstar som skal føre fram til ein akademisk poster. Posteren skal vidareutviklast til ein fagartikkel som er eksamensoppgåva.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
Arbeidskrav:
a. Ein skriftleg refleksjonstekst med utgangspunkt i forskingsbaserte artiklar og sjølvvalt pensum etter litteratursøk i databasar, 500-600 ord
b. Innsamling av data frå praksisfeltet med utgangspunkt i ei gitt problemstilling
c. Utvikling av ein akademisk poster med ein munnleg presentasjon i studentseminar der denne vert drøfta. Posteren skal vere knytt til analyse av eige datamateriale
d. Innlevering av utkast til fagtekst, på 4000-5000 ord, basert på innsamla datamateriale. Teksten skal leggast fram i studentseminar for respons frå medstudentar og faglærarar
Detaljert informasjon og vurderingskriterier for arbeidskrava vert gitt ved semesterstart.
Det er ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende for å kunne avlegge eksamen i emnet. Sjå §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
- Early childhood education studies - master
- Early childhood education studies - master (part-time)
Assessment Form | Grouping | Duration | Grading scale | Proportion | Comment | Support Materials | Scope |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade |