HVO bak ny og unik forskingsformidling

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

– Dette er ein milestolpe i formidling av nordisk kultur- og helseforsking, seier førsteamanuensis Wenche Torrissen om det nye tidsskriftet Nordic Journal of Arts, Culture and Health, som ho er redaktør for og Høgskulen i Volda er ein av partnarane i. 

Tidsskriftet, som er heilt ferskt, gis ut av Universitetsforlaget på vegne av Nasjonalt kompetansesenter for kultur, helse og omsorg (Norge), Høgskulen i Volda (Norge), Primärvården Skåne (Sverige), Aalborg universitet (Danmark), Kungl. Musikhögskolan i Stockholm (Sverige) og Turku University of Applied Sciences (TUAS) (Finland), og Uniarts Helsinki’s CERADA ResearchCenter (Finland). 

Her kan du lese heile tidsskriftet.

Fangar breitt

Tidsskriftet har som mål å:

  • Styrke kunst-, kultur- og helsefeltet i dei nordiske landa
  • Bidra til auka kunnskap på feltet i eit nordisk perspektiv
  • Dokumentere pågåande prosjekt for å sikre at verdifull kunnskap blir tatt vare på og delt
  • Gi nordiske politikarar og avgjerdstakarar eit forskingsgrunnlag til bruk i politikkutvikling

Tidsskriftet praktiserer ein vid definisjon av omgrepet «helse», noko som inkluderer fysisk, psykisk, kulturell, eksistensiell, emosjonell, åndeleg, arbeidslivsrelatert, sosial og samfunnsorientert helse.

Tidsskriftets målgrupper er forskarar og studentar ved akademiske institusjonar, profesjonsutøvarar som arbeider med kunstens og kulturens rolle innan helse, utdanning, offentleg forvaltning, media og ålmenta.

Godt nordisk samarbeid

Førsteamanuensis Torrissen ved Avdeling for kulturfag (AKF) si forsking har krinsa rundt desse temaa. Ho tok, saman med Anita Jensen frå Aalborg universitet, initiativ til å starte tidsskriftet. Det er open og gratis for alle å lese.

Torrissen er glad for å ha fått til eit godt nordisk samarbeid og at den første utgåva no er på plass. – AKF har satsa lenge på kultur- og helsefeltet og vi er godt nøgd med å kunne samarbeide med dei andre nordiske partnarane om dette prosjektet. Det vil gi tilsette på høgskulen ei ny plattform til å publisere fagfellevurderte tekstar og til å skrive om eigen praksis i fagartiklar, seier Torrissen.

Milestolpe

Noko liknande tidsskrift har ein ikkje hatt tidlegare – dermed er Volda-forskaren redaktør for noko heilt unikt.

– Dette er ein milestolpe i formidling av nordisk kultur- og helseforsking. Tidsskriftet gir oss ei felles, tverrfagleg plattform som tidlegare ikkje har eksistert. Dette kan bidra til å styrke og fremje forskinga som vert gjort på feltet, styrke alliansar og bygge bruer mellom dei nordiske fagmiljøa. Å få eit eige tidsskrift om fagfeltet kultur og helse vil bidra til å styrke kunnskapsgrunnlaget og betydninga av kunst og kultur i helse og omsorg.  
 

Del på