Ny bok i serien Kyrkjefag Profil

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Tematikken ”Åndene og ånden” tek opp har til no vore mangelvare på norsk. Boka beskriv det spanande møtet mellom afrikansk religion og kristendom, samt korleis møtet med  tradisjonell afrikansk religion og kultur har sett sitt preg på den afrikanske kristendomen. Det vert lagt særleg vekt på korleis kristendomen har verka inn på afrikansk åndetru – og omvendt. Forfattar Berge har opparbeida seg mykje kunnskap rundt den afrikanske kulturen og religionen, då han er oppvaksen på Madagaskar og i dei seinare år har hatt fleire studieopphald i Etiopia, Kenya , Tanzania og på Madagaskar.

 

 

kyrkjefag_profil2

”Åndene og ånden”  er nummer åtte i serien Kyrkjefag Profil, ein skriftserie frå Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda. Boka kom ut på Tapir Akademisk Forlag førre veke 

Del på