Frå elitefotball til lærarutdanning

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Sidan midten av januar har Erlend Holm vore lærarvikar på Skjong barneskule på Valderøya, og der skal han vere fram til sommarferien. Til hausten tek han til som student.

– Eg satsar på utdanning fordi det kjem eit liv etter fotballen også. For å få den jobben eller det yrket du ønskjer må utdanninga og kompetansen vere på plass. No er eg 26 år, og det er på tide at eg fullfører ei utdanning slik at eg kan runde 30 år og sjå positivt på framtida, fortel Erlend.

Utfordringar som lærar
På Skjong barneskule har han vore vikarierande klassekontakt, og læraryrket har gitt meirsmak.

– Eg vel læraryrket fordi det er kjempespennande å arbeide med menneske. Eg vil hjelpe barn og unge til å utvikle seg både fagleg og sosialt, men det er mange utfordringar knytte til lærarrolla. Det viktigaste, og kanskje vanskelegaste, er å få det beste ut av kvar einskild elev. I ei gruppe som i ei klasse er det mange ulike individ som må behandlast på forskjellige måtar. Det er viktig for at det optimale miljøet for læring skal liggje til rette. Som lærar må ein vere fagleg sterk, men det er like viktig at dei menneskelege/pedagogiske eigenskapane er på plass. I klasserommet må ein tilpasse opplegget ut ifrå ulike ferdigheiter og behov, seier Erlend.

c0dc709e7038d02692c6fdde0ec6dd878682205d  63c7ba314b845bd1eb391a237239c60ac67aebee  e21e174cea78beeba0fb402407c96f493ba79d86   
Erlend Holm satsar på lærarutdanning fordi han vil arbeide med barn og unge både fagleg og sosialt.        

Livet utan toppfotball
Ved årsskiftet vart Erlend Holm vraka som midtbanespelar på Ålesund av trenar Kjetil Rekdal. Han fekk fleire tilbod frå andre toppfotball-klubbar, både i innland og utland, men takka nei til fordel for utdanning.

– Eg valde Høgskulen i Volda fordi eg har høyrt mykje bra om skulen både fagleg og sosialt. I tillegg er det nært heime, og det betyr mykje for meg akkurat no. Eg har bestemt meg for å leggje toppfotballen på hylla. Etter det som skjedde i AaFK, fekk eg ein skikkeleg knekk, og eg er ikkje lenger hundre prosent motivert til å halde fram med fotballen på høgt nivå. Eg har fått mange gode tilbod frå andre klubber, noko eg set stor pris på. No er eg komfortabel med livet utan toppfotball, og tanken på at eg skal ta til å studere, inspirerer meg, avsluttar han.

Litt fotball er det framleis. I dag er Erlend spelande trenar for Vigra IL i 4. divisjon, og det vil han halde fram med. Kanskje blir han også å sjå på Volda sitt studentidrettslag frå hausten av.

Les meir om lærarutdanning i Volda.

Del på