Volda – Giske kvar veke

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Renate er idrettsstudent og Marlene er allmennlærarstudent. Dei vart tipsa av venner om studiestaden Volda, og at det er mykje billegare å bu i forhold til storbyane.

– Vi var usikre på kva vi skulle slå inn på. Valet vart Høgskulen i Volda sidan det er nært heime med mange studietilbod og eit godt studentmiljø, seier Renate

– Vi har bortebuarstipend og treng ikkje ta opp studielån. Vi deler ei leilegheit der vi betalar under kr. 2000,- i månaden. Sidan vi arbeider i helgene så greier vi oss godt økonomisk, fortel Marlene.

13dfe1ba9fb4c348ffc80c53e08373f866e264b6
Renate og Marlene pendlar mellom Volda og Giske kvar veke.

Heimekjære studentar
Renate og Marlene kjenner fleire som pendlar mellom heimstaden og Volda. Sjølv bur dei i Volda i vekene, og reiser stort sett heim til Giske i helgane.

– Vi vekslar mellom å ta buss og køyre bil. Det er ikkje langt når ein kjenner vegane, seier Marlene.

– Eg skulle gjerne vore meir i Volda. Vi mister ein del av den sosiale biten når vi reiser heim kvar helg. For min del har eg det sosialt på skulen. Idrettsstudiet involverer aktivitetar som gjer oss godt kjende, men likevel så merker at det er noko av "Volda-bobla" eg ikkje får med meg, seier Renate med eit smil.

Ulik studentkvardag
Det er stor forskjell på det å vere elev og student. Renate synest at overgangen har vore positiv.

– Då eg kom til Volda møtte eg motiverte lærarar som brenn for det dei driv med, og det er inspirerande for oss som studentar. Det var uvant at ikkje førelesingane var obligatoriske, og eg oppdaga fort at ansvaret låg på meg. Eg trivast godt med det, seier Renate.

– Det er stor forskjell på studieprogramma. Renate har fleire studiedagar enn meg fordi eg har mykje obligatorisk undervisning dette første året. Før jul synest eg at studiet var hardt, men no som eg har funne mi eiga rutine og studieteknikk går det betre. Det tek litt tid, seier Marlene.

 Positivt første år
Marlene skal halde fram med lærarutdanning i Volda. Ho har vore i praksis denne hausten og fått ein smakebit på læraryrket. Renate vurderer å halde fram med idrett fordjuping eller ta sjukepleieutdanning.

– Det har vore eit kjekt og sosialt år. Eg anbefaler dei som er usikre å velje noko ein er interessert i, der ein kan ha det moro og samstundes lære noko. For meg var det viktig å komme i gang som student og no veit eg meir kva eg vil vidare, avsluttar ho.

Del på