Haikudikt om menneske og naturen

Tekst: Webmaster Volda

Jan Ove Ulstein, tilsett ved Institutt for religion og livssynskunnskap (RLK) ved Høgskulen i Volda, har gjeve ut ei ny bok. Diktsamlinga ”Frå skuggane” er ein serie med kortdikt.

 

I diktsamlinga prøver han å hekta dikta saman i kvarandre sjølv om alle er sjølvstendige. Menneske og naturen står i sentrum.

- Det er mykje natur i dikta, men det er likevel ikkje naturskildringar, meir natur som speglar dei menneskelege dimensjonane, seier Jan Ove Ulstein.

Om diktsamlinga ”Frå skuggane” skriv BT sin meldar Sindre Ekrheim skriv at "Over enkeltdikta og over samlinga som heilskap spreiar det seg ein dominerande ljos- og skuggemetaforikk. Sjølv om det her og der i diktsamlinga herskar mørke, talar tittelen om ei motsett rørsle, om gongen frå skuggane til ljoset."

Og vidare skriv han: "Set ein dikta og deira ljosmetaforikk inn i ein religiøs frelsessamanheng, noko som for så vidt er lett å gjere, representerer dikta det jordiske, menneskelege utgangspunkt."

Les heile meldinga i BT

Del på