Kom i festivalstemning på Rokken

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Klokka 18.00 tjuvstartar nemleg festivalen med Voldakveld på Rokken, fyrst med filmframsyning og deretter med konsert.

 

Promo0318 

Lokal festivaloppvarming: Ragnar Ørstavik(t.v), Olav Martin Haddal, Werner Røyseth og

Dag Havåg i Pikkabird speler under Voldakvelden på Rokken i

kveld. (Foto: Hugo Opdal).

Filmar frå Høgskulen

På Voldakvelden får du gjennom to timar sjå filmar som er laga det siste året på studiet i Fjernsynsreportasje og dokumentar ved Høgskulen i Volda.

- Her møter de ein uteliggjar med kattar som hobby, ein bilfrelst
volding, ein gravferdsmann og ein bjørn blant saueflokkar, fortel konferansier for kvelden, Hans Martin Dypvik.

Heftig sceneframsyning

Etter filmane blir det konsert med det framadstormande bandet Pikkabird frå Ulsteinvik. Indierockbandet debuterte med si fyrste plate ”Departures” 7. april. Denne plata blei spela inn i eit naust og miksa av Louie Lino i Resonate Music i Austin, Texas.

- Gjer deg klar for kvelden for kvelden, og bli med på festivalvors, oppfordrar sosialansvarleg for Den Norske Dokumentarfilmfestivalen, Gunnhild Jørginsdóttir Brimheim.

 

Tysdag 29. april

Rokken 18:00
Inngang: Festivalpass

 

 

- Hanne Marie Molde, Dokfilm

Del på