Kunst og kultur påverkar elevane positivt

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Professoren frå Tasmania samla både studentar og lærarar til eit interessant føredrag, og hausta applaus og stormande jubel frå eit fullsett auditorium. 

5cff397dddbf54930546fb0d3888bc5cd8b09f89
Bilete: Anne Bamford fekk mange positive tilbakemeldingar av studentar som hadde vore på føredraget. Her saman med nokre frå Drama/teater.

WOW-faktoren

Anne Bamford er mest kjend for å ha leia eit omfattande forskingsprosjekt på kunstfagleg opplæring initiert av FN sin utdanningsorganisasjon UNESCO, der samanhengen mellom satsing på kunst i skulen og elevane si generelle læringsevne har vorte studert. Resultatet av denne forskinga er publisert i rapporten ”WOW-faktoren: Globalt forskingskompendium, om kunstfagenes betydning i utdanning”. Rapporten omtalar kunstfaga si rolle og innverknad på læring, akademiske prestasjonar og trivsel.  Forskinga hennar har vekt stor interesse internasjonalt, og er viktig både i kulturpolitisk og skulepolitisk samanheng. Ho har mellom anna hevda at Noreg går i feil retning når ein, for å rette opp dårlege resultat i PISA-undersøkinga, satsar på å legge inn auka timetal i matte og norsk medan dei nedprioriterer dei praktisk-estetiske faga.

Hovudmoment frå forskinga

Under førelesinga ved høgskulen presenterte Bamford hovudmomenta frå forskinga si, som omfattar både undervisning i kunstfag og undervisning gjennom kunstfag. Ho framheva at det er viktig at born får samanhengande og god opplæring innan kunstfag, og poengterte at ein også må nytte kunstfag når ein underviser i  andre fag. Forskinga dokumenterer at kunstfagrike utdanningsprogram har klar positiv innverknad på mellom anna språkopplæring, generell evne til å tileigne seg kunnskap, evne til problemløysing, sjølvtillit og trivsel. Bamford peika også på kva som kjenneteiknar slike kunstfagrike utdanningsprogram, og kom mellom anna inn på samarbeid mellom skular og kunstfaglege organisasjonar, samarbeid mellom lærarar og kunstnarar og undervisningsopplegg som resulterer i framsyningar. Kritisk refleksjon, problemløysing og det å ta risiko er andre element som bør vere med i kunstfagrike utdanningsprogram. Bamford la også vekt på kor viktig det var at slike tilbod vart gjeve til alle born, og ikkje berre til dei spesielt talentfulle.

261b1315aa77a0789d9f96fa64aaf6c7bf4084fc
Bilete: Dekan ved Avdeling for kulturfag saman med professor Anne Bamford og initiativtakar Marit Ulvund.

HVO med unik posisjon

Professor Anne Bamford nemnde også den unike posisjonen Høgskulen i Volda har, med sine mangfaldige tilbod innan estetiske fag. Dei mange studentane som hadde møtt opp viste stor interesse for det professoren hadde å seie, og stilte også mange konstruktive spørsmål etter føredraget. På slutten av dagen fekk Anne Bamford vere med på ei rask omvisning i lokala til Avdeling for kulturfag. Ho vart imponert over kor godt tilrettelagt det var for studentane her, og var positiv til dei store og velutstyrte roma ved avdelinga. 

Del på