Mediestudentane flinkast i Volda

Tekst: Webmaster Volda

Mediestudentane har i alle år gjort det bra, men i vår gjorde dei det ekstremt godt. På ein av eksamenane fekk halvparten av animasjonsstudentane karakteren A, medan andre halvparten fekk B. På journalistutdanninga var det ein eksamen der 94 prosent av studentane fekk A eller B, medan berre seks prosent fekk C. At nær sagt alle elevane fordeler seg på dei to beste karakterane, er mildt sagt uvanleg. C skal vere normalkarakteren i store grupper.

- Tyder ikkje dette på at det er lettare å få gode karakterar med det nye systemet?
- Det er eit spørsmål ein kan stille. Resultatet frå medielinja er uvanleg godt, men så er det også svært dyktige studentar. Tradisjonelt har det vore strenge krav på medieutdanninga, så studentane kan ha gjort ein ekstraordinær innsats. Men om tendensen held fram over tid, må vi sjølvsagt vurdere karakterbruken, seier Stave.
På dei andre eksamenane til mediestudentane var karakterfordelinga meir normal.

Les meir i Sunnmørsposten.

Del på