Nye partnarar i Spania og Portugal

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Høgskulen i Volda er ein av dei utdanningsinstitusjonane i Noreg som satsar mest på internasjonalisering. Dette gjer vi fordi:

- Språk og kulturforståing er viktig
- Internasjonal erfaring blir stadig meir etterspurt både i privat og offentleg sektor
- Ute får ein kompetanse ein elles ikkje ville fått

dra_til_Spania_magasin
Cecilie Wilhelmsen oppmodar studentar til å reise til Spania og Portugal!

HVO har ein solid portefølje ute i verda og avtale med rundt 120 institusjonar i 45 ulike land. Forrige veke var høgskulelektor Sissel Midtlid frå Kunst og Handverk og leiar for internasjonalt kontor, Cecilie Wilhelmsen i Spania og Portugal. Her besøkte dei partnarane Universidad de Huelva i Spania og Universidade do Algarve i Faro, Portugal.

Begge desse institusjonane er svært interesserte i å ta i mot studentar frå Volda, og dei ønskjer også å sende studentar til Volda. Dette er mogleg gjennom Erasmus programmet, der ein ikkje berre får adgang til eit spanande universitet i Europa, men også får ekstrastipend med på kjøpet. Dette gjeld for så vel studieopphald som praksisopphald. Universitetet i Huelva la mellom anna vekt på å kunne tilby praksisplassar, ei ordning som er relativt ny og som for tida fristar med stipend på Euro 413 kvar månad, i tillegg til internasjonal erfaring.

Det er mange studentar som dreg ut og stadig fleire som kjem til Volda.

- Alle bachelor- og masterprogramma i Volda legg til rette for eit eller to semester ute
- Meir enn 200 Volda-studentar dreg ut kvart år
- Rundt 80 kjem inn - målet er å auke talet på innreisande til 200
- Campus i Volda er svært internasjonal med studentar frå 30 ulike land

Du kan lese meir om utveksling og avtalar på Internasjonalt kontor sine sider


Christina_Price_-_leder_av_internasjonalt_kontor_Universidad_da_Huelva_magasin
Sissel Midtlid og Cecilie Wilhelmsen saman med Christina Price - leder av internasjonalt
kontor Universidad da Huelva, Spania

Sissel_CW_professor_Marina_magasin
Sissel Midtlid og Cecilie Wilhelmsen saman med professor Marina Estela Graça frå
Universidade do Algarve i Faro, Portugal

Del på