Søk-korpset hjelper deg gjerne!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Har du spørsmål om opptak studie­start eller registrering?Lurer du på korleis det er å studere i Volda og kva slags fritidstilbod og aktivi­tetar du kan ta del i?Eller vil du kort og godt vite korleis ein vanleg skuledag er lagt opp?

Høgskulen i Volda har to sentrale ordningar for å fange opp spørsmål frå aktive og nyfikne søkjarar: studierettleiarane i Søk-korpset og studiestartportalen, den finn du her.

IMG_8960_525

Silje, Joachim og Lene vil svare på spørsmål frå søkjarar og studentar gjennom heile sommaren.

 

 

Studierettleiarar

Studierettleiarane har vore studentar i fleire år, anten ved Høgskulen i Volda eller ved høgskular og universitet i andre delar av landet. Lene har ein bachelor som sosionom i frå Høgskulen, og er no i gang med mastergradsutdanning innan sosialt arbeid i Oslo.Silje er frå Volda, men studerer no til allmennlærar i Bergen. Joackim er bergensar og kom hit til Volda som student for tre år sidan. Han har eitt år igjen på bachelorgradsstudiet Media, IKT og design.Alle har god kjennskap til både bygda og studentmiljøet. Felles for dei alle er at dei veit korleis det er å vere student.

- Mange blir overraska over at vi ringer, men er positive til at vi tek kontakt på denne måten, seier Joachim.


- Dei fleste synes det er greit å vite om at dei kan ta kontakt med oss gjennom heile sommaren, seier Silje

Studiestartportalen

Fram mot studiestart finn du mykje nyttig informasjon påwww.hivolda.no/studiestart.Her finn du hjelpesider, kart, informasjon om campus, kontaktpersonar, rettleiing og rådgjeving, praktisk informasjon om studiet ditt, studiehandboka, ofte spurte spørsmål, nyttige lenker osv.

 

- Mange har spørsmål om søkjertalet på sitt studium, hovedopptaket og ulike frister knytt til opptaket. Informasjon om bustad her i Volda er også eit viktig tema for mange, seier Lene

Søk-korpset har nokre gode råd til nye studentar: Bruk vevsida vår, www.hivolda.no, der ligg mykje god informasjon. Hugs å sende ettersendingar FØR 1. juli! Skulle det vere noko du ikkje finn svar på på nettsidene , så ikkje nøl med å ta kontakt!

 

Søk korpset kan kontaktast på tlf: 700 54 800, måndag-fredag 09.00-15.30. Du kan også sende e-post: sok@hivolda.no

 

Les ein artikkel om Søk-korpset og Restetorget på NRK.no/MR

 

 

Del på