Søknadsfrist for dokumentarfilmstyret onsdag

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Styret_520_2

I følgje det avtroppande dokumentarfilmstyret er det mange som er nysgjerrige på verva. – Vi har fått mange spørsmål, og mange som har sagt dei vil søkje. Men no renn tida ut, innan onsdag klokka 12.00 må vi ha søknadane, fortel informasjonsansvarleg Geir Holen.

12 personar skal fylle desse plassane i styret:

  • Leiar
  • Informasjonsansvarlege (2 stk)
  • Programansvarlege (2 stk)
  • Sosialt ansvarlege (2 stik)
  • Grafisk ansvarleg 
  • Økonomiansvarleg 
  • Sponsoransvarleg
  • Teknisk ansvarleg
  • Redaktør

- Viktigaste eigenskapane vi ønskjer er ståpåvilje og eit ønskje om å lage den beste dokumentarfilmfestivalen nokon gong. Du treng ikkje å ha sett ein einaste dokumentarfilm i heile ditt liv for å få sitte i styret, men vi lover at du får sett nokon filmar i løpet av dette året, fortel Geir.
For 11. gong
Det som starta som ein ganske sprø ide for ti år sidan, er i dag den største og eldste dokumentarfilmfestivalen i Noreg. I mai kom rundt 2000 personar til festivalen her i Volda.

- Etter kvart som festivalen blir meir og meir kjent, så kjem det stadig vekk fleire regissørar. Over 30 filmskaparar var her i år, mellom anna ein utrolig dyktig regissør frå Litauen. Vi viste over 60 små og store filmar frå heile verda, mimrar informasjonsansvarleg Geir Holen.

Vil du vere med? Skriv nokre ord om deg sjølv, kva du har gjort før og kva for eit verv du vil ha, og send det til: styret@dokfilm.no
Frist: onsdag 13. september kl. 12.00.

www.dokfilm.no

Del på