FoU-prisen gjekk til Jostein Fet

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

fet_pris520

Biblioteket ved Høgskulen i Volda hadde sett i stand ei utstilling om arbeidet til Jostein Fet  Utstillinga vart avduka etter prisutdelinga.

- Jostein Fet har siste femten åra først og fremst markert seg som forskar. Hovudinteressa har heile tida vore den folkelege kulturen knytt til musikk og skrift, fortalde rektor Gunnar Stave som delte ut forskingsprisen ved ein prisseremoni i Biblioteket fredag.

- Eg set stor pris på merksemda, men neste gong kan de kanskje finna ein ung forskar til prisen, sa Fet med eit smil og takka kollegaer for det gode miljøet ved Høgskulen.

FoU-prisen
Høgskulen i Volda og Møreforsking oppretta i 2005 ein felles FoU-pris. Prisen kan tildelast både einskildpersonar og fagmiljø som har gjort ein markert innsats på FoU-området som er strategisk viktig både for Høgskulen og Møreforsking Volda. Prisen er på 30 000 kroner.

Dei tilsette vart inviterte til å nominere kandidatar til den første utdelinga i 2006. Det kom inn fleire forslag på gode kandidatar, og eit utval  ga ei grunngjeven innstilling til styret. Styret handsama innstillinga i sitt møte 6. juni. Det er ei stor glede for meg i dag å kunne dele ut den første prisen til ein prisvinnar som har ei lang karriere ved utdanningsinstitusjonane i Volda.

Grunngjevinga
- Prisvinnaren har ein omfattande forfattarskap bak seg, sa rektor Stave i si grunngjeving før han røpa kven som var prisvinnaren.
- Hans hovudfelt har her vore allmugens lese- og skrivekultur på 1700- og 1800-talet. Allmugens diktar. Niels Olsen Svee i norsk religiøs folkesong kom i 1987, og i 1995 kom det som mange ser på som hans hovudverk, Lesande bønder. Litterær kultur i norske allmugesamfunn før 1840. I denne litteratursosiologiske monografien har prisvinnaren gjennomgått over 16000 arveskifter frå allmuemiljø i perioden 1690-1839 for å kartlegge bokeie og lesepreferansar i bondesamfunnet. Boka fekk begeistra mottaking blant fagfolk. Prisvinnaren viser at den norske allmugen må ha vore lesekunnig mykje tidlegare enn ein har rekna med, og at skriftkulturen ikkje snevert berre bør knytast opp til utviklinga av allmugeskolen. På dette feltet har han lagt grunnlaget for ei nyskriving av norsk kulturhistorie. 

I 2003 kom Skrivande bønder. Skriftkultur på Nord-Vestlandet 1600-1850. Igjen viser prisvinnaren at skriftkulturen i dei såkalla utkantane ikkje berre var individuell og sporadisk, men at den må sjåast som ein samanhengande prosess som kan settast inn i ein langt breiare kulturell samanheng.  Han har gått inn i gards- og lokalarkiv, og gjengir brev, dikt, songar, dagbøker, verrapportar og gardssoger. Også denne boka fekk stor fagnad da den kom ut.

Det tredje bandet i denne ruvande kultur- og mentalitetshistoriske trilogien er Eksetiana. Aarflots prenteverk på Ekset 1809-1935. Bibliografi og kulturhistorie, som vil kome ut på Samlaget hausten 2006. Som undertittelen seier, er dette dels ein annotert bibliografi over meir enn 700 ulike prent frå trykkeriet på Ekset. Kvar avisårgang er da rekna som eitt prent. Innførslene er kommentert. Til liks med dei to andre bøkene i ”trilogien” er dette eit særs ruvande forskingsarbeid, og samtidig eit spanande grunnlag for vidare forsking.  

Når det gjeld den folkelege musikken har prisvinnaren både vore utøvande og forskar.
Han var dagleg leiar av Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal frå starten i september 1990 og til 2001. Her arbeidde han mykje med oppbygginga og organiseringa av arkivet, som no med ei samling på om lag 25000 melodiar er eitt av dei største regionale folkemusikkarkiva i landet. Eit ruvande uttrykk for dette arbeidet er boka Folkemusikken i Møre og Romsdal. Historikk. 190 slåttar og melodiar med kommentarar, som kom i 1999. Same året fekk han målprisen ”for framifrå nynorsk målbruk i skrift og tale” av Sunnmøre Mållag.

Prisvinnaren vart i 1958 tilsett ved Volda lærarskule. Her arbeidde han fram til 1970. I 1969-70 var han mykje med i arbeidet med å få lagt distriktshøgskulen til Volda. Han vart tilsett der i 1970 og same året utnemnd til undervisningsleiar. Det viktigaste fagområde var heile tida norsk litteratur. Ved distriktshøgskulen markerte prisvinnmaren seg både som undervisar, forskar og leiar. I 1980 vart han høgskuledosent ved distriktshøgskulen.

Prisvinnaren er som forskar stadig aktiv. Ja, noko av det som imponerer mest er kanskje det faktum at sitt mest sentrale arbeid har han utført som pensjonist. Han har levert forsking på eit høgt nasjonalt nivå, og det har blant fagfolk vore stor semje om at forskinga til prisvinnaren har ført til at deler av norsk kultur-, litteratur og lesehistorie må skrivast på nytt. Det er og karakteristisk for prisvinnaren si forsking at den heile tida har vore formidla til ålmenta på ein svært aktiv og open måte. Til dei få titlane som eg har nemnt her, kjem ei lang, lang rekke bøker, artiklar og foredrag. I ein kronologisk bibliografi, Skrift og tale gjennom 50 år, som kom til 80-årsdagen i 2004, finn vi om lag 90 tilvisingar under overskrifta ”bøker og artiklar”, over 60 bokmeldingar, seks ”gjendiktingar og omsetjingar” og over 100 ”foredrag, kåseri, radioprogram (eit utval, uprenta)”.


 
Les meir om Jostein Fet:

link_pil3Festskrift til Jostein Fet: Lesande og skrivande bønder
link_pil3Kongens gull til Jostein Fet

link_pil3Symposium med utgangspunkt i Jostein Fet si forsking
link_pil3Ny monografi av Jostein Fet


Andre ressurssider om Jostein Fet:

- Nasjonal forskingsinformasjon (NFI)
- Universitetsforlaget sin forfattarinformasjon
- Samlaget sin forfattarinformasjon
- Portrett: "Ein sein blømar." i Forskarforum 2006.

Del på