Humanistiske fag

  • Ny bok: Mikrohistorie

    Publisert

    Mikrohistorie er ei tilnærming til måten ein fortel historie på, som ser på dei små einingane, ei hending, eit samfunn eller eit individ. Artiklane tar for seg fleire måtar mikrohistorie har vore definert og brukt på. Boka passar for studentar, historikarar og lesarar av lokal- og bygdehistorie.

  • Bach og Antibach i Volda kyrkje

    Publisert

    Studentar ved Intuitiv komposisjon og musikkfilosofi fekk framført eigne komposisjonar i Volda kyrkje sist laurdag. Symfoniorkesteret ved høgskulen framførte stykka og nokre komposisjonar av J. S. Bach under leiing av dirigentane Sander Elias Andersen og komponist og professor i musikk Magnar Åm.

  • Ny forsking om vilkåra for nynorsk mellom barn og unge

    Publisert

    I eit nytt nummer av skriftserien «Skriftkultur» undersøkjer 13 forskarar vilkåra for nynorsk mellom barn og unge frå ulike vinklar og på ulike tidspunkt i livet, frå barnehage til studentliv. For studentar, forskarar og andre som er opptekne av dette viktige forskingsfeltet.

  • European Cooperation in Science and Technology

    Publisert

    COST (European Cooperation in Science and Technology) har som føremål å støtte forskingsnettverk og fremje forskingsframdrift og innovasjon. – Å ta del i eit COST-nettverk er eit ypparleg måte å kome i kontakt med internasjonal forsking på, seier professorane Marie Nedregotten Sørbø og Rolf Werenskjold.

  • Kvinner på forskingstoppen i Volda

    Publisert

    I motsetnad til mange andre stadar var det ved Høgskulen i Volda to kvinner som scora høgst poengsum i forskingspublisering ved siste rapport. Begge gav ut både bok og to artiklar i 2018.

  • HVO-forskar på stor konferanse

    Publisert

    Førstelektor Ragnhild Fauske ved Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag er nettopp komen tilbake frå American Academy of Religion si årlege samling i San Diego, USA. – Dette er ein stor konferanse for teologar, skulefolk og forskarar. Om lag 9000 fagfolk deltok. Eg presenterte funn frå doktorgradsarbeidet mitt der eg arbeider med samtalar om eksistensielle spørsmål i barnehagen, seier Fauske

  • Thumbnail

    Frå nyheiter og nynorsk barne-TV til HVO

    Publisert

    Når du høyrer ein gut nynne på kjenningsmelodien til Klart eg kan på ein T-banestasjon i Oslo, forstår du at barne-TV på nynorsk er populært. Eva Westvik, kvinna bak fleire nynorske seriefavorittar, jobbar no ved Høgskulen i Volda.

  • Thumbnail

    – Syng i høgskulekoret

    Publisert

    For dei mange laga og organisasjonane ved høgskulen er hausten tid for oppstart og medlemsrekruttering. Høgskulekoret startar opp med øvingar tysdag denne veka, og dirigenten, førstelektor Elizabeth Oltedal ved musikkutdanninga, ønskjer fleire studentar og tilsette i rekkene.

  • Thumbnail

    Høgtidsmarkering: vanskeleg, men viktig

    Publisert

    Skal barnehagar markere høgtider? Og kvar går grensa mellom forkynning og informasjon? Høgskulen i Volda arrangerte fagdag for barnehagetilsette og barnehagelærarstudentar for å drøfte nettopp dette.