Debuterer som dirigent

Tekst: , Foto: Daniela Elvebakk Mala

- Oppdatert

På søndag skal musikkstudent Nikolas Viktor Frimannslund for fyrste gong dirigere symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda når dei skal spele kjend og kjær film- og seriemusikk. 

Til vanleg står Frimannslund litt gøymd bakarst i symfoniorkesteret, som ein del av perkusjonslinjen. Deira oppgåve er å bruke ulike instrument ein kan slå på for å tilføre musikken det "lille ekstra". Det kan vere alt frå triangel til ein trekloss eller symbal. 

Tek utfordringa 

Frimannslund skal dirigere ein Mary Poppins-medley, og det er førstelektor ved Høgskulen i Volda, Elizabeth Anne Oltedal, som har utfordra han.  

— Eg har bestått eksamen i dirigering, men elles har eg ikkje så mykje erfaring som dirigent. Så eg er litt stressa. Eg er ikkje vand med å setje meg sjølv i ei leiarstilling, seier Frimannslund.  

Men sjølv om han er litt nervøs, fortel han at etter å ha øvd ei stund, har han kome inn i ei slags rytme. Og han har ein klar tanke om kva han ynskjer å få til. 

— Eg prøver å sjå litt på forskjellige sider av symfoniorkesteret og prøver å hjelpe dei til å spele på ein måte som framhevar lydbiletet, for det føler eg er mest viktig. 

At det er stort å få dirigere symfoniorkesteret skjønte Frimannslund raskt då fleire familiemedlemmer med ein gong dei høyrde nyheita bestemte seg for å kome til Volda på konserten.

— Eg skal gjere mitt beste, og så skal eg prøve å nyte konserten mest mogleg, seier Frimannslund.

Stort samarbeid 

Konserten er eit stort samarbeid mellom symfoniorkesteret, høgskulekoret og band og musikkstudentar som skal synge solo. Oltedal skal vere dirigent og kunstnarleg leiar for prosjektet.  

— No vert det mykje øving fram til konserten. Det er alltid travelt på slutten, men vi kjem i mål, fortel Oltedal.  

Ho gler seg til konserten, og klarer ikkje å velje ut eitt høgdepunkt. 

— Eg trur, og håper, det vert mange høgdepunkt. Det vert både drama, mystikk og action med alt frå James Bond-medley, til Mary Poppins-medley og låter frå Harry Potter og Hobbiten. 

 

Konserten startar klokka 19.00 i Berte Kanutte, og billetter kjøpast i døra. 

 

Les meir om konserten her.

Del på