Møt Design, kunst og handverk-student Stine

Tekst: Tone Solhaug , Foto: Marius Bech Dahle

- Oppdatert

Teikning, både på papir og digitalt, keramikk, måling, trearbeid, og installasjonskunst er noko av det Stine Hatlebakk får drive med i heilt nyoppussa verkstadar i Volda. Her får du vite meir om Bachelor i design, kunst og handverk og Stine sin veg til å bruke utdanninga til å bli lærar.

Hei! Mitt namn er Stine og eg går tredje året Bachelor i design, kunst og handverk ved Høgskulen i Volda. Ved dette studiet blir ein introdusert for veldig mykje forskjellig innan skapande arbeid. Vi lærer om visuell kommunikasjon, arkitektur, design og kunst. Studiet tek utgangspunkt i fagfelt som er relevante for pedagogisk verksemd i skule, kulturskule og andre samfunnsinstitusjonar. Det vil seie at ein kan kvalifisere til å arbeide i skulen gjennom bachelorutdanninga ved Høgskulen i Volda. Vi jobbar med teikning, både på papir og digitalt, keramikk, måling, trearbeid, og installasjonskunst for å nemne noko.

Min plan er å ta praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) etter bacheloren, og få kompetanse som faglærar frå 5. trinn i grunnskulen og til og med vidaregåande skule. Å kunne vere med på å gi barn og unge eit rom for å uttrykke seg kreativt og å løfte fram verdien av kunst og handverk i skulen, er noko eg er svært opptatt av. Om du er glad i å jobbe kreativt, vil eg så absolutt anbefale deg å søke!

Student ved Design, kunst og handverk

Tre gode grunnar til å studere design, kunst og handverk i Volda

1: Som student ved design, kunst og handverk har vi tilgang til verkstadane på skulen 24 timar i døgnet. Desse var heilt nyoppussa i 2020. Blant verkstadane skulen tilbyr er tekstilrom, treverkstad, teiknesal, keramikkrom og metallrom.

Som student brukar ein mykje tid i verkstadane, som er veldig sosialt. Her jobbar ein blant studentar frå eigen klasse og andre trinn på studiet. Ein blir derfor lett kjend med andre også på tvers av årstrinna. 

2: Volda er ei lita studentbygd. Dette gjer det enkelt å orientere seg blant det som skjer både på og utanom campus. Klassene på design, kunst og handverk er små og ein vert godt kjend med sine medstudentar. I tillegg er lærarane lett tilgjengeleg for oss studentane, og ein får god oppfølging av fagleg dyktige lærarar. Ein får lære utruleg mykje forskjellig innan estetiske fag.

I løpet av første året er ein innom alt frå analog og digital teikning til trearbeid. Med god oppfølging av fagleg dyktige lærarar samt tilgang til verkstadane døgnet rundt, er det tilrettelagt for å lære i massevis. Du kan også reise på utveksling til eit anna land i første semester av tredje studieår!

3: Spesielt for Volda som studentbygd vil eg seie er nærleiken til naturen. Om du ønskjer naturopplevingar til fots eller på ski, er vegen kort for dette. Elles tilbyr Volda veldig mykje anna ein kan engasjere seg i som student. Radio, volleyball, studentavis, festivalar som X2, Dokfilm og Veka, og konsertar på Rokken. 

 

Har du lyst å sjå fleire innblikk fra studiehverdagen i Volda?
Følg med på Instagram

 

Del på