«Tonar frå Runde» - ein annleis 17. mai-konsert

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

I desse uvanlege Koronatider, med avlyste konsertar og forbod mot å samlast i større grupper, lanserer Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda eit spanande opplegg i staden for den tradisjonsrike 17. mai-konserten. Orkesteret har spelt inn Terje Tjervåg sin Runde-suite, og ein video med innspelinga vert publisert 17. mai kl. 2000.

– Terje Tjervåg sin Runde-suite er eit verk i fire satsar som byggjer på folkesongar frå Runde, mellom anna dei herlege barnereglene «Boltlianse» og «Ti å ti å ti». Tjervåg skreiv Runde-suite opphavleg for messingkvintett, men no har han laga ein versjon for symfoniorkester, så dette blir faktisk ei urframføring, seier dirigent Elizabeth Oltedal.

Elizabeth Oltedal er førstelektor ved musikkutdanninga ved Høgskulen i Volda (HVO) som syter for dirigenttenester til orkesteret. Ho fortel at dei siste 14 dagane har vore prega av hektisk aktivitet med samspel og innspeling i tråd med gjeldande smittevernreglar.

Terje Tjervåg
Komponist Terje Tjervåg.

Videoen er produsert av Atle Remmereit i videobyrået Oclin i Volda, og Åge Staurset har stått for lydinnspelinga. Begge to er tidlegare HVO-studentar, Remmereit med utdanning innanmedieproduksjon og Staurset innan musikk. 

– I tillegg til orkesterinnspelinga, vil videoen innehalde song ved folkemusikaren Jorun Marie Kvernberg og eit mini-intervju med komponisten Terje Tjervåg. Vi har også fått bruke nydelege Runde-bilde ved Kristoffer Nærø Ytterland og Thomas Sporsheim. Resultatet blir publisert på sjølvaste 17. mai, seier Oltedal.

Dirigent Oltedal fortel at Herøy kommune har gått inn med økonomisk støtte til prosjektet.

– Dette er eit flott døme på samarbeid mellom HVO og regionen, seier Oltedal som minner om at «Tonar frå Runde» blir publisert 17. mai kl. 2000 på orkesteret si Facebook-side, YouTube og heimesida orkesteret.no.

Elizabeth Oltedal
Dirigent Elizabeth Oltedal og Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda.

Del på