Utselde hus

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda og 120 dansarar frå Ballettskulen i Ørsta og Volda framfører Nøtteknekkaren i Operahuset Nordfjord 25. og 26. januar. Begge framsyningane er utselde.

Nøtteknekkaren, komponert av Peter Tsjajkovskij i 1892, er ein av dei aller mest kjende ballettane i verda. Balletten er basert på eventyret "Nøtteknekkaren og musekongen" skrive av den tyske forfattaren E. T. A. Hoffmann i 1816.

Dei 40 musikarane i symfoniorkesteret er ei blanding av fastbuande, studentar og tilsette ved Høgskulen i Volda.

Komande konsertar

Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda har fleire konsertar i løpet av året. Nemnast kan haustkonserten, nyttårskonserten, vårkonserten og den nasjonale festkonserten 17. mai.

– 21. mars presenterer vi pianisten Frode Skag Storheim i noko vi har kalla «Nesten berre Beethoven». Skag Storheim skal mellom anna vere solist i Beethovens pianokonsert nr. 1, seier symfoniorkesteret sin faste dirigent førstelektor Elizabeth Oltedal ved Seksjon for musikk.

Den nasjonale festkonserten 17. mai med den velkjende A-mollkonserten til Grieg er ein fast og populær post i symfoniorkesteret sitt konsertprogram.

– I år er det pianisten Kato Flem som skal vere solist, seier Oltedal.

Del på