Islandsk – norsk forskingssamarbeid; áhugavert og hvetjandi!
Forskarar frå HVO var sist veke i Reykjavik der dei møtte kollegaer frå Universitetet på Island til inspirerande og spennande samarbeid. Ved institutt for pedagogikk har involverte i «MAFAL»-prosjektet sidan 2009 forska på førskulelærarar si meistring av yrket.
Frå venstre: Peder Haug, Bryndis Gardarsdottir, Bente Vatne, Arna Johnsdottir, Gerd Sylvi Steinnes og Johanna Einarsdottir.
Saman med Senter for profesjonsstudier ved Høgskolen i Oslo og Akershus har dei utvikla spørjeskjema som har vore sendt til 1000 norske barnehagar. Materialet omfattar svar frå både assistentar og førskulelærarar. Spørjeskjemaet er no omsett til islandsk og distribuert til alle barnehagane der. Tre forskarar ved Universitetet på Island er involverte i dette arbeidet, som gjer det mogleg å samanlikne barnehagefeltet i Island og Norge.
Peder Haug, Bente Vatne og Gerd Sylvi Steinnes presenterte forskingsresultata på NERA-konferansen saman med Johanna Einarsdottir, Bryndis Gardarsdottir og Arna Johnsdottir under tittelen «Preschool teacher`s professional role in Iceland and Norway».
Hovudspørsmåla i symposiet handla om samansetjinga av personalet i islandske og norske barnehagar, og konsekvensen for kvaliteten i tilbodet. Presentasjonane samanlikna ansvars- og arbeidsdelinga mellom førskulelærarar og assistentar i dei to landa. Vidare vart det drøfta kva førskulelærarar og assistentar vektlegg som viktige element i barnehagepedagogikken, og korleis dei ulike gruppene opplever seg eigen kompetanse for arbeidet. Spørsmål omkring førskulelærarar og assistentar si oppfatning av passande opphaldstid og alder for barnehagestart var også tema.
I begge land tyder svara frå assistentar og førskulelærarar på at det er lite skilje i arbeidsoppgåvene mellom dei ulike gruppene og i korleis dei vurderer eigen kompetanse. Det vert antyda at barnehagekulturen er prega av allmennkunnskap og sunn fornuft, meir enn av profesjonell fagkunnskap. Funna indikerer at det er trong for ein diskusjon om førskulelærarutdanninga sitt innhald og kva slags kunnskap som er viktig for å arbeide med små barn. Desse spørsmåla handlar også om kvalitet i barnehagen.
Den nordiske barnehagemodellen er prega av eit heilskapleg syn på læring, der omsorg, danning og læring etter intensjonen skal gå hand i hand. Det er såleis kanskje ikkje så overraskande at det er stort samsvar mellom svara frå islandske og norske barnehagetilsette.
Tekst: Gerd Sylvi Steinnes