Høgskulemenn bak spektakulær tindedokumentar

Tekst: Tone Solhaug

- Oppdatert

5a85a8ef5751a986066f3113968dd069
Foto: Fileksport frå filmen

Ei reise frå dei første tindepionerane fram til dagens bratte eventyr i Sunnmørsalpane er det ein får servert i filmen, som vart vist på NRK1, tysdag 15. mars.

Dokumentaren har hatt førpremiere på Volda Filmteater, Ørsta kulturhus og kino og Løvenvold kino i Ålesund.

Filmskaparane Carl Jørgen Nesset og Eirik Vaage var ferdig med masteroppgåva si ved dokumentarfilmlinja ved Høgskulen i Volda (HVO) i 2013, som inneheldt ein film på 24 minutt. Nesset er i dag høgskulelektor ved HVO og driv i tillegg Nesset Film. Vaage er tilsett i Vestnorsk film og har ansvar for bransjeutvikling i Møre og Romsdal, samstundes som han driv Frost media.

2b4b6ce2a55afe74ff96f8d235a068ee
Filmskaparane Carl Jørgen Nesset (t.v.) og Eirik Vaage gleder seg til førpremiere fredag.

Etter at masteroppgåva og den 24 minutt lange dokumentarfilm vart levert, var prosjektet eigentleg over, men NRK skulle vise stor interesse for filmen og ynskte ei utviding av historiefortellinga. Samstundes var det tre karar som planla å vinterklatre “Slogen frå Fjorden”, ei bratt klatrerute som engelskmennene Reaburn og Ling etablerte sommaren 1903. Desse tre klatrarane var Åsmund Vaage, Tommy Raty og Stig Helset (førstelektor ved HVO) og dei var villige til å ta med kamera på hjelmane for å dokumentere klatreturen. Saman med opptak frå klatreekspedisjonen og ei utviding av den historiske delen er filmen no 54 minutt lang.

Les den offisielle filmomtala under:

Bli med blant tindar og pinaklar på Sunnmøre - frå dei første oppdagarane til dagens bratte eventyr. I over hundre år har “Slogen frå Fjorden” ruta vore urøyvd vinterstid. Er det mogleg å klatre dronninga av Sunnmørsalpane, på snø og is? Historikarar og legender i miljøet teiknar eit fascinerande bilete av tidlege britiske pionerar og deira møte med vestlandsfolket. Klatring opp fjella vart sett på som galemannsferd, men nokre våghalsar tok mot til seg. I filmen blir vi kjent med dei som utforska og flytta grenser i fjellheimen. Kor mykje av vår fjelltradisjon byggjer eigentlig på britisk tankegods? Og korleis har spranget vore til breidda av aktivitet og ekstremsport i fjella i dag - sommar som vinter? I filmen følgjer vi historia, men også dei i dag som går i pioneranes fotspor og utfordrar fjella på nye måtar. Stig, Tommi og Åsmund vil no utfordre Slogen på vinterstid, 115 år etter det britiske fyrsteklyvet.

Del på