TOD202 Teaterproduksjon 6: Teater for barn

Emnekode: 
TOD202
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Theatre production 6: Child theatre
Emnenavn på bokmål: 
Teaterproduksjon 6: Teater for barn
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

60stp i drama og teaterfag.

Om emnet

Teaterproduksjon 6 fordjupar seg i teater for barn, og vil fokusere på korleis ein nyttar scenekunstnarlege verkemiddel på ein måte som engasjerer barn i ulike aldrar. Emnet nyttar teaterproduksjon som læringsmodell, og studentane vil produsere teaterframsyningar for barn i alderen 0-18 år.
Studentane vil jobbe med:

  • Teoriar og forsking om barn si utvikling, og verdien av barnekulturen i samfunnet
  • Analyse av barnekulturelle uttrykk
  • Scenekunstnarlege verkemiddel i arbeid med teaterproduksjon for barn
  • Iscenesettje ein teaterproduksjon for ei spesifikk målgruppe
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om barneteateret sin funksjon i eit historisk perspektiv
  • har kunnskap om teaterproduksjon med forskings- og målgruppearbeid, retta spesielt mot barn
  • har kunnskap om korleis utvikle teater som set eit spesielt fokus barn i dagens samfunn
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte scenekunstarlege verkemiddel og skape ei teaterframsyning som kan kommunisere med eit ungt publikum
  • kan nyttiggjere seg fagkunnskap til å iscenesette teaterframsyningar for barn som relaterer seg til aktuelle barnekulturelle tema og samanhengar
  • kan analysere, tolke og vurdere kunst- og kulturuttrykk for barn
Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere skriftleg og munnleg over den skapande prosessen og scenekunst for barn
  • kan reflektere over etiske utfordringar i arbeid med barneteater
     
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, digitalt, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:

  • seminar og verkstader
  • framsyningar
  • gruppearbeid
  • individuelt arbeid
Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
    Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. 

Arbeidskrav:

  • Eit munnleg-kunstnarleg framlegg i gruppe
  • Ei skriftleg oppgåve i barneteateranalyse

 

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Vibeke Preus
Materialavgift

 

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Teater og drama - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Individuell eller gruppe (etter avtale)
4 Veker
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Ei barneteaterframsyning for eit barnepublikum, medstudentar, emneansvarleg og sensor, med individuell karakter.
Alle
60-90 minutt.
Oppgave
Individuell
1 veke
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Ei individuell heimeoppgåve knytt til teori om barneteater og refleksjonar kring framsyninga.
3000-3500 ord.
Godkjent av: 
Unni Hagen