TOD103 Teaterproduksjon 2: Fra realismen til modernismen

Emnekode: 
TOD103
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Theatre production 2: From realism to modernism
Emnenavn på bokmål: 
Teaterproduksjon 2: Fra realismen til modernismen
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

I Teaterproduksjon 2: Frå realismen til modernismen, fokuserer undervisninga på utvalde teaterfornyarar frå omlag 1870-1980.
Studentane får undervising i ulike tilnærmingar til teaterproduksjon, og korleis nytte desse i eige produksjonsarbeid

Studentane vil jobbe med:

  • Dramaturgi knytt til utvalde teaterfaglege retningar.
  • Ulike skodespelarteknikkar og scenekunstnarlege verkemiddel i teateret (frå ca. 1870 - 1980).
  • Manus- og førestillingsanalyse
  • Teaterproduksjon
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om fagterminologi i utvald skodespelarteknikk frå det 20. århundre
  • har basiskunnskap om bruken av dramaturgiske verkemiddel hos utvalde sentrale teaterfornyarar frå det 20.århundre (fram til ca. 1980)
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nyttegjere seg kunnskap om dramaturgi og scenekunstens verkemiddel, i praktisk arbeid med utvalde retningar innan teatret fra det 20. århundre
  • kan formidle sentralt fagstoff frå emnet gjennom bruk av relevante uttrykksformer
  • kan omsette fagkunnskap til å formidle ei rolle, ved bruk av ulike skodespelarteknikkar i det moderne teateret
Generell kompetanse

Studenten

  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis
  • er kjend med scenekunstnarlege verkemiddel, som scenografi, kostyme, lyd og lys
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, digitalt, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:

  • seminar og verkstader
  • framsyningar
  • gruppearbeid
  • individuelt arbeid
Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
    Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. 

Arbeidskrav:

  • Ei godkjend visning på Husteater
  • Ei skriftleg oppgåve på omlag 2000 ord

Alle arbeidskrav har 2 forsøk

 

Sensorordning
Minimumstal: 
4
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Hege Holmqvist Synnes
Vibeke Preus
Jiri Nagy
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Teater og drama - årsstudium
  • Teater og drama - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Individuell eller gruppe (etter avtale)
5 Veker
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Kunstnarleg scenisk framsyning for eit publikum, medstudentar, faglærar og sensor med etterfølgjande samtale. Individuell karakter
Alle
Heimeeksamen
Individuell
1 veke
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Ei vekes individuell skriftleg heimeeksamen.
Alle
2000 ord
Godkjent av: 
Unni Hagen