Semestre

PLA101 Berekraftig samfunnsutvikling

Emnekode: 
PLA101
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Stader vert utvikla i samspel mellom lokale og globale strukturar og praksisar. Introduksjon til dominerande utviklingstrendar i samfunnet skal, saman med kunnskap og forståing for korleis stadar vert til, danne grunnlag for innføring i samfunnsplanlegging.    

Ulike perspektiv, verdiar og kontekster på berekraft  skal danne forståing for kompleksiteten i samfunnsutviklinga.    

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har    

  • Kunnskap om grunnleggande utviklingstrendar i samfunnet    
  • Innsikt i  berekraftig samfunnsutvikling som diskurs 
  • Forståing for lokalsamfunn som stad   
Ferdigheiter

Studenten kan

  • Reflektere over grunnleggande utviklingstrendar    
  • Observere og diskutere lokale utviklingstrekk 
  • Bruke grunnleggande prinsipp og omgrep om stad    
  • Lage akademisk oppgåvestruktur og bruke kjelder  
Generell kompetanse

Studenten skal kunne  

  • Reflektere rundt utviklingstrendar i lys av berekraftig samfunnsutvikling   
  • Ta i bruk kunnskap og ferdigheiter på sjølvstendig vis 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

 Arbeidsmåtar i emnet vil variere mellom førelesingar, diskusjon, oppgåveløysing og prosjektarbeid i gruppe. Detaljar vil gå fram av semesterplanen.   

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

80 prosent frammøte til undervisning og læringsaktivitetar. 

Arbeidskrav:

  • Prosjektarbeid i gruppe. 
  • Skriftleg individuelt arbeidskrav. 
Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
55
Emneansvarleg: 
Grethe Mattland Olsen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Samfunnskunnskap - årsstudium
  • Samfunnsutvikling - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
5 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Ingen
Godkjent av: 
Randi Bergem, 06.03.2023