Semestre
PRO102 Prosjektarbeid lokalsamfunnsanalyse
Ingen.
I emnet skal studentane nytte kunnskap frå fleire av dei andre emna i studiet i eit prosjektarbeid, der ein gjennomfører ein lokalsamfunnsanalyse. Som førebuing til prosjektarbeidet blir det ei innføring i prosjektarbeid, prosjektstyring og prosjektleiing. I førebuinga til prosjektet blir det også gitt innføring i aktuelle verktøy og metodar for okalsamfunnsanalyse. Prosjektarbeidet (lokalsamfunnsanalysen) skal gjennomførast i gruppe og består av fire hovuddelar; førebuing av datainnsamling, datainnsamling med feltarbeid, analyse og rapportering. Lokalsamfunnsanalysen skal presenterast for medstudentar og eventuelt andre, og presentasjonsteknikk vil inngå som ein del av emnet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har
- kunnskap om prosjektarbeid, prosjektorganisering, styring og leiing av prosjekt
- kunnskap om relevante kjelder og verktøy som skildrar utviklingstrekk og utfordringar i kommunar og lokalsamfunn
- grunnleggande kunnskap om korleis planlegging, politiske prosessar, lover og reguleringar og økonomisk utvikling heng saman med lokalsamfunnsutvikling
Studenten kan
- initiere, organisere og gjennomføre eit prosjektarbeid i samarbeid med medstudentar
- utvikle ei problemstilling for å svare på ei samfunnsfagleg utfordring
- samle inn og diskutere ulike data om eit lokalsamfunn, og framstille det i ein rapport
- presentere eit prosjekt skriftleg, munnleg og ved bruk av digitale verktøy
Studenten skal
- ha erfaring med å arbeide både sjølvstendig og i grupper
- kunne formidle fagstoff skriftleg og munnleg
Arbeids- og læringsformene vil variere mellom klasseundervisning, seminar, litteraturstudium, rettleiing, skriftleg arbeid, feltarbeid, gruppearbeid og drøftingar i plenum. Detaljar vil gå fram av semesterplanen. I lokalsamfunnsanalysen inngår eit feltarbeid i ein kommune/lokalsamfunn nasjonalt eller internasjonalt. Detaljar for lokalsamfunnsanalysen vil gå fram av semesterplanen, og det er utarbeidd eit eige studiehefte med retningslinjer for gjennomføringa av lokalsamfunnsanalysen.
Frammøtekrav: 80 prosent frammøte til undervisings- og læringsaktivitetar.
Arbeidskrav: To arbeidskrav vurderte som godkjent/ikkje godkjent:
- Eit gruppebasert arbeidskrav i form av ein skriftleg prosjektrapport, som også skal presenterast munnleg for medstudentar/aktuelle samarbeidspartar.
- Eit individuelt refleksjonsnotat knytt til lokalsamfunnsanalysen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Samfunnskunnskap - årsstudium
- Samfunnsutvikling - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Mappeeksamen består av to arbeidskrav. | ||
Munnleg eksamen | Individuell | 1 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 |