EXP100 Examen philosophicum

Emnekode: 
EXP100
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Examen philosophicum
Emnenavn på bokmål: 
Examen philosophicum
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet er ei innføring i tradisjonelle emne i Examen philosophicum. Fagstoffet er fordelt på tre delar, og omfattar filosofi- og vitskapshistorie, generell vitskapsfilosofi og allmenn moralfilosofi.
Del 1 gjev oversyn over filosofi- og vitskapshistoria frå oldtida til i dag med særleg konsentrasjon om oldtidsfilosofien og nyare tid frå og med Descartes. Del 2 gjev eit oversyn over nokre grunnleggjande problem og teoriar i vitskapsfilosofien. Hovudvekta ligg på utviklinga på 1900-talet. Del 3 gjev eit oversyn over grunnleggjande problem og teoriar i moralfilosofien.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten: 

  • har kjennskap til kva dei sentrale filosofiske spørsmåla dreier seg om
  • har kjennskap til korleis nokre sentrale filosofar har drøfta og svara på desse spørsmåla til ulike tider
  • har innsikt i ulike kunnskapsteoriar og kvar dei viktigaste filosofane plasserer seg kunnskapsteoretisk
  • har innsikt i grunnleggande vitskapelege tenkjemåtar og metodar
  • har innsikt i grunnleggande omgrep, teoriar og tenking innan allmenn moralfilosofi og etikk
Ferdigheiter

Studenten: 

  • har ferdigheiter i fagleg skriving
  • har ferdigheiter i planmessig arbeid med, emneavgrensing, problemformulering, stoffsamling og kjelder
  • kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette etter respons
  • kan nytte relevante faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer
  • kan reflektere over filosofiske problemstillingar og filosofiske omgrep
  • kan applisere vitskapelege tenkemåtar og metodar på ulike fagstudium
  • kan anvende etisk tenking på utvalde etiske problemstillingar
Generell kompetanse

Studenten: 

  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
  • kan utveksle oppfatningar og erfaringar med andre med bakgrunn innan fagområdet
  • kan utvikle evne til sjølvstendig refleksjon omkring både filosofiske, vitskapsteoretiske og grunnlagsetiske spørsmål – som vil kunne vere til nytte i ulike fagstudium, for eiga tenking kring eksistensielle spørsmål, og for utfordringar framtidige yrke kan kome til å byde på.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga har form av førelesingar og seminar. Studenten skal arbeide med ei prosessoppgåve gjennom semesteret. Studenten skal levere eit utkast av oppgåva etter nærare fastsette regler og tider og får respons på det innleverte oppgåveutkastet. Oppgåva skal endeleg leverast som eksamensoppgåve.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Godkjent innlevering av utkast til prosessoppgåve etter nærare fastsette krav og fristar, samt obligatorisk deltaking på førelesingar/seminar (80 %).

Sensorordning
Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssystem.

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Jonas Gamborg Lillebø
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Friluftsliv og naturguide - bachelor
  • Idrett og kroppsøving - bachelor
  • Språk og litteratur - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Eksamenssvaret skal leverast i det digitale eksamenssystemet Inspera.
Alle
2500 ord
Skriftleg eksamen
Individuell
4 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Eksamenssvaret skal leverast i det digitale eksamenssystemet Inspera.
Ingen
Inntil 2000 ord
Godkjent av: 
Arne Myklebust