Semestre
- 2024 Haust
- 2023 Haust
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2020 Haust
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2017 Haust
- 2016 Haust
- 2015 Haust
NO113S Tekst og struktur
Ingen.
Tekst og struktur gir studenten ei grunnleggjande innføring i dei litterære hovudsjangrane og i tekstanalyse. Pensum er sett saman av eit utval litterære tekstar, litteraturhistorie, litteraturteori og analysemetode. Emnet har tre tyngdepunkt:
TP1: Lyrikk
TP2: Epikk
TP3: Dramatikk
Tekst og struktur er eit basisemne som bør takast som første litterære emne. Emnet kan takast som del av årsstudiet i norsk (nordisk), som del av programmet Bachelor i språk og litteratur, som fritt emne i andre bachelorløp og som del av Vidareutdanning for lærarar i norsk, språk og litteratur.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har grunnleggande kunnskap om
- sentrale kjennteikn ved ein litterær tekst
- dei litterære hovudsjangrane
Studenten
- er kjend med sentrale metodiske omgrep og kan bruke desse i praktisk tekstanalyse
- kan utforme analysar i samsvar med elementære krav til argumentasjon og kjeldetilvising i vitskapleg framstilling
Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.
Undervisninga blir gitt i form av forelesingar og gruppearbeid på samlingar ved Høgskulen i Volda. Det blir tre samlingar i løpet av semesteret, kvar på to dagar, med seks timar undervisning kvar dag, i tillegg til ei oppsummeringssamling på éin dag.
Studenten skal levere inntil tre (3) individuelle arbeidskrav av eit nærare fastsett omfang innan fastsette fristar. Studenten får kommentarar frå faglærar på kvart av dei innleverte arbeidskrava. Innleveringane er obligatoriske og skal skrivast på nynorsk.
På grunnlag av tilbakemeldingane på arbeidskrava skal studenten levere ein forbetra versjon av alle arbeidskrava samla til eksamen.
Det er krav om 75 % frammøte til all timeplanlagt undervisning, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Historie - bachelor
- Norsk (nordisk) - årsstudium
- Norsk (nordisk) - årsstudium (deltid)
- Språk og litteratur - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 3 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 1/3 | Kortsvarsprøve. Skrivast på nynorsk. | Alle | |
Mappeeksamen | Individuell | semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 2/3 | Mappevurdering. Svaret skal skrivast på nynorsk. Begge deleksamenane må vere bestått (dvs. minst karakter E på kvar deleksamen) for at den samla eksamen skal vere bestått. | Alle |