ENG203 Adaptasjon og omsetting

Emnekode: 
ENG203
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Adaptation and translation
Emnenavn på bokmål: 
Adaptasjon og oversetting
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

60 studiepoeng i engelsk (årsstudium eller tilsvarande)

Om emnet

Emnet handlar om korleis historier, myter, forfattarskap, konsept og idear vandrar mellom ulike medium og tidsperiodar. Det tek utgangspunkt i forteljingar i ulike former, som romanar, eventyr og skodespel, og ser på kva som hender når dei blir tilpassa, omsett (eller begge deler), til andre kontekster eller former, som film, dataspel, Internett-memer, og teikneseriar på papir og skjerm.

Emnet samanliknar blant anna originale litterære verk med respektive filmadaptasjonar, men kan også ta føre seg spesielle hendingar, myter eller historier og sjå på korleis og kvifor desse blir framstilt ulikt i forskjellige medium. Studenten vil slik få ei forståing av korleis og kvifor adaptasjonar skil seg frå førelegga sine. Ein vil ta for seg tekstar og tilpassingar frå ulike historiske periodar og frå ulike delar av den engelskspråklege verda; ein vil slik kunne demonstrere at ulike media ikkje berre er definert av særeigne artistiske virkemiddel, men at dei også er påverka av historiske, sosiale og kulturelle faktorar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten:

  • avansert kunnskap om formelle trekk ved ulike medium og sjangrar (som t.d. romanar og skodespel) og samansette tekstar (som t.d. teikneseriar og filmar)
  • inngåande kjennskap til resepsjons-, adaptasjons- og omsetjingsteori, inklusive kjennskap til kva formelle, samfunnsmessige og kulturelle faktorar som formar adaptasjonar
  • kunnskap om nokre sentrale, adapterte og/eller omsette verk i den engelskspråklege kulturhistoria
  • kunnskap om forsking, vitskapsteori, forskingsetikk og forskingsmetodar
Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten:

  • analysere struktur og artistiske verkemiddel i eit utval litterære verk, omsettingar og adaptasjonar
  • gjere greie for og nytte adaptasjonsteori
  • forstå korleis og kvifor adaptasjonar skil seg frå sine respektive kjelder

 

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten:

  • bruke litterær og filmatisk fagterminologi for å drøfte forholdet mellom litteratur og film
  • skrive og snakke om litteratur og film på ein overtydande og effektiv måte på akademisk engelsk
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. I tillegg brukar vi ei rekkje digitale læringsressursar, mellom anna HVO sine eigne.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er krav om 70 % oppmøte, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 6-6. I tillegg skal studenten levere eller utføre:

  1. Ei semesteroppgåve på 4000-5000 ord
  2. Ein munnleg presentasjon
  3. Eit kort refleksjonsnotat

Tema for oppgåva blir valt av forelesar, men studenten kan sjølv utarbeide eit tema i samråd med forelesar. Den munnlege presentasjonen skal handle om oppgåvetemaet og gir høve til å få tilbakemeldingar frå forelesar og medstudentar på problemstillinga studenten har valt. Kvar student har krav på eitt individuelt møte med faglærar, og til å få skriftleg tilbakemelding på eit utkast av semesteroppgåva. Studenten må levere eit refleksjonsnotat der dei skildrar korleis dei har jobba med oppgåva og gjort seg nytte av tilbakemeldingane dei har fått. Alle arbeidskrav må leverast til oppsette tidsfristar og godkjennast før studenten kan gå opp til eksamen.

 

Sensorordning
Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Marie Nedregotten Sørbø
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Engelsk - fordjupingsstudium
  • Språk og litteratur - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Alle
4000-5000 ord
Munnleg justerande eksamen
Individuell
45 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Godkjent av: 
Arne Myklebust