TOD102 Teaterkunnskap

Emnekode: 
TOD102
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Theatre knowledge
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Emnet er eit introduksjonsemne til arbeid med tekst og teater, og har fokus på å gje studentane kompetanse i å lese og forstå dramatikk med tanke på iscenesettelse. Undervisninga gir ein introduksjon til utvaldte delar av det europeiske teatret si historie, i tillegg til ei innføring i akademisk skriving og dramaturgisk analyse.
Studentane vil jobbe med m.a:

  • Tekstforståing og dramaturgi.
  • Teaterkunnskap. 
  • Akademisk skriving, tolking og analyse.
  • Diskusjon og iscenesetjing av utdrag frå ulike skodespel.
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om teater og utvalde delar av den europeiske teaterhistoria
  • har grunnleggjande kunnskap om analyse og akademisk skriving
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte kunnskapane til å analysere og tolke dramatiske tekstar med tanke på iscenesetjing
  • har grunnleggjande ferdigheiter i akademisk skriving
  • kan nytte analyse og tolking til å framstille scenisk materiale
Generell kompetanse

Studenten

  • kan formidle sentralt fagstoff både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer.
  • kan samarbeide med andre om å utvikle fagtekst
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, digitalt, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:

  • forelesningar
  • seminar og verkstader
  • gruppearbeid
  • individuelt arbeid

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
    Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. 

Arbeidskrav:

  • Ei skriftleg oppgåve på omlag 2000 ord
  • Ein presentasjon av fagstoff 

Alle arbeidskrav har 2 forsøk

Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
24
Emneansvarleg: 
Wenche Torrissen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Språk og litteratur - bachelor
  • Teater og drama - årsstudium
  • Teater og drama - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell eller gruppe (etter avtale)
7 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Ei skriftleg heimeoppgåve
Alle
2000-2500 ord
Godkjent av: 
Unni Hagen