SPP305 Vitskapsteori og forskingsmetode

Emnekode: 
SPP305
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Philosophy of Science and Research Methods
Emnenavn på bokmål: 
Vitenskapsteori og forskningsmetode
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Fullført og bestått dei første fire emna i mastergraden med karakter C i snitt.

Om emnet

Emnet handlar om det vitskaplege grunnlaget for forsking på pedagogisk og spesialpedagogisk verksemd i skule og barnehage. Det overordna målet med emnet er å ruste studentar til å kunne orientere seg i og kritisk vurdere eksisterande forsking på feltet, samt ta informerte og grunngjevne val i eiga forsking. Gjennom å utvikle brei forståing av forskingsprosess og forskingsmetode, skal emnet bidra til å danne grunnlag for å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har inngåande kunnskap om ulike vitskapsteoriske perspektiv
  • har avansert kunnskap om dei ulike fasene i ein forskingsprosess
  • har avansert kunnskap om kvalitative og kvantitative  design og metodar
  • har inngåande kunnskap om sentrale statistiske omgrep og analysemetodar
  • har god kunnskap om forskingsetikk
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan analysere og vurdere kritisk ulike forskingsmetodiske tilnærmingar
  • kan grunngje og argumentere fram ulike val i ein forskingsprosess, inkludert forskingsetiske spørsmål
  • kan vurdere ulike typar utval, innsamling og analysar av data ut frå kor eigna dei er til å belyse gitte problemstillingar
Generell kompetanse

Kandidaten

  • har inngåande vitskapsteoretisk og forskingsmetodisk innsikt
  • kan analysere og vurdere relevante forskingsetiske problemstillingar
  • kan anvende fagområdet sine omgrep og uttrykksformer på ein nøyaktig og sjølvstendig måte
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert som fem samlingar à to dagar kvar, omlag kvar fjerde veke. Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, gruppearbeid og oppgåveløysing. 

Det er krav om 70 % frammøte til all undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.

Det er to arbeidskrav på emnet:

  • Forskingsdesign 
  • Statistikk

Nærare informasjon om innhald, rettleiing og tidsfristar på arbeidskrava blir gitt ved studiestart.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å framstille seg til eksamen i emnet må kandaten ha

  • tilstrekkeleg frammøte
  • arbeidskrav godkjende
Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Stein Conradsen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Spesialpedagogikk - master
  • Spesialpedagogikk - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Godkjent av: 
Silje Ims Lied